Forbrukarrådet er kritisk til at reiseselskapa er foreslått frist på tre månader til å betala tilbake avlyste reiser. Foto: Colourbox

Forbrukarrådet kritiserer ny tilbakebetalingsfrist for reiseselskap

Regjeringa har foreslått ein frist på tre månader for reiseselskapa å betala tilbake avlyste pakkereiser. Forbrukarrådet seier det vil ramma mange familiar.

Mange forbrukarar har uteståande beløp på opptil 60.000 kroner, skriv Forbrukarrådet i ei pressemelding.

– Ikkje alle forbrukarar står fritt til å velja når dei skal reise på tur, eller har råd til å venta lenge på å få refusjon. Mange forbrukarar har òg fått ein ny økonomisk kvardag, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.

Rådet meiner forslaget om tre månaders frist er grunnlovsstridig. Dei ber regjeringa heller sjå til Danmark, der reiseselskapa får lån og stønad for å unngå konkurs.

(©NPK)