AUKE: Ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø i Sunnhordland noterer seg auke i lesing i alle flater. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Har auke i lesinga i alle flater: – Stor interesse for lokale nyheiter

I dag vert lesartal og opplagstal lagt fram frå Forbruker & Media. Sunnhordland-redaktøren gler seg over stor auke.

Sist gong norske mediehus blei målt, var i mars i år. Då var talet på daglege lesarar på papir og nett 18.800. Dei ferske tala onsdag morgon viser 21.000 daglege lesarar.

– Det er veldig kjekt å sjå at fleire les oss, og at me faktisk ser ein auke i lesinga på alle flater, seier ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø i Sunnhordland.

Stor koronainteresse

– Me opplever, som dei fleste andre medium, at den spesielle situasjonen med koronapandemien gjer at det er stor interesse for å lesa lokale nyheiter. Interessa toppa seg i samband med utbrotet og nedstenginga av landet i mars. Men så ser me at interessa har halde fram ved gjennom sommaren og utover hausten, seier Nybø, som tok over som ansvarleg redaktør i Sunnhordland 1. april i år.

Les også
No må også kommunane og annonsørane ta vare på lokalavisene!

Ho poengterer at abonnentane les meir enn før.

– På nett følgjer me trafikken dag for dag, og time for time. Her ser me at lesartala er jamt over langt høgare enn tidlegare. Me ser også at dei som abonnerer brukar oss oftare, og dei les meir innhald som er eksklusivt for abonnentar. Det kjem difor ikkje som noko overrasking at tala har auka kraftig, spesielt på mobil, forklarar ho.

Auke på papir

No kan ho i tillegg notera seg at papiravisa står godt, og faktisk betre enn på målingar dei siste åra.

– Det er veldig gledeleg at lesinga på papir held stand og faktisk aukar. Fokuset har i stor grad endra seg mot å levera nyheiter først og best på nett, men auken i papirlesinga viser at me framleis maktar å levera eit godt papirprodukt, seier Nybø.

Les også
Sunnhordland nominert til årets avisframside

Ho understrekar også at det dei siste åra har vore store endringar i medievanane til folk.

– Det er mange aktørar som kjempar om folk si merksemd og tid. Eg synest det er gledeleg at folk vender seg mot lokalavisa, og redaktørstyrte medium for å halda seg orienterte. Her er det berre å stå på og levera dei gode og viktige historiene kvar dag, seier Nybø.

Stabile opplagstal

Dei over 110 avisene tilslutta Landslaget for lokalaviser (LLA) har omtrent same samla opplagstal siste halvår som førre halvår. Generalsekretær Tomas Bruvik i LLA gler seg over dei ferske opplagstala.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lokalavisene har alltid gjort ein viktig jobb. I tillegg til å gje innbyggjarane nyheiter som betyr noko for kvardagen til folk, bidreg lokalavisene til å skapa samhald og lokal identitet. Også etter at koronaepidemien slo inn over Norge, har me fått demonstrert at lokalavisene tar samfunnsansvar. Avisene våre har bidrege med livsviktig informasjon for innbyggjarane, seier Bruvik i ei pressemelding.

Sunnhordland hadde ein nedgang i opplag på 24, som gir eit opplag på 6.443 første halvår 2020.

FERSKE TAL: LLA-sjef Tomas Bruvik meiner lokalavisene fekk vist fram den viktiga rolla då Norge stengde ned i mars. Foto: Geir Hus, LLA

Milepåle

Mediebedriftenes Landsforening (MBL) noterer over éin million reine digitalabonnement i landet.

– Koronapandemien akselererer det digitale skiftet. Den digitale opplagsveksten held fram, og første halvår 2020 passerer me ein milepåle med over éin million reine digitalabonnement. Samstundes ser me at papirkonsumet fell kraftigare enn tidlegare, seier Randi S. Øgrey adm.dir. i MBL, i ei pressemelding.

Øgrey legg til at det våren 2020 blei sett besøksrekordar for mediehusa sine digitale tenester. Det vert rapportert om vekst i bruk av nettaviser, appar og e-aviser frå mars då Norge stengde ned - trenden helt fram vidare utover våren.

Ein kan dykka djupa i tala på medietall.no.

FRÅ PAPIR TIL NETT: Papiraviser blir stadig mindre populære, og trenden er forsterka under koronapandemien. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Nyheiter på mobil meir populære under koronapandemien

Medan dekninga til papiravisene gjekk ned frå 38 til 31 prosent under koronapandemien, opplevde digitale medium eit oppsving i dekninga frå 66 til 71 prosent. Dekninga for nyheiter på mobil auka frå 57 til 62 prosent. Likevel held dekninga for avisene seg relativt stabil på rundt 80 prosent.

Nedgangen i lesartala for papiraviser har vore særleg stor for dei største media. Det siste året har Aftenposten på papir mista nesten 50.000 lesarar. Papiravisene til Dagens Næringsliv, VG, Bergens Tidende og Dagbladet mista høvesvis 43.000, 40.000, 19.000 og 15.000 lesarar.

Dekningstala er reflekterte i opplagstala samla inn av MBL og Landslaget for lokalaviser (LLA), som viser at det frå 2019 til 2020 har vore 6 prosent auke i reine digitalopplag, til dryge ein million. Samstundes har det vore eit fall på 14 prosent i reine papiropplag, til 172.904.

Totalopplaget for norske aviser, der 48 prosent består av komplettabonnement, er no på 2,36 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Hystad etter salet: – Eg kjem framleis til å mala huset mitt sjølv