Rekordstor ordreserve: Njord er eitt av milliardprosjekta ved Kværner, men også andre verft kan visa til solid ordrereserve, viser tal frå Maritimt Forum. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Har kontraktar for 30 milliardar

Verfta i Nord-Rogaland og i Sunnhordland hadde ved utgangen av 2019 ein kontraktsmasse på heile 29,6 milliardar kroner.

Det viser tal frå Maritim Rapport 2020, som Maritimt Forum presenterer ved slutten av kvart år.

Dette er ein auke frå eitt år tidlegare. Ved utgangen av 2018 var ordrereserven 1,2 milliardar kroner lågare. Året før var talet endå lågare.

– Aibel og Kværner har den største kontraktsmassen i relative tal, men enkelte andre verft kan også vise til solid kontraktsportefølje målt som del av årleg omsetning, skriv Maritimt Forum i ei pressemelding.

Dei fleste av verfta i rapporten er heimehøyrande i Sunnhordland.

– Verfta på Haugalandet og i Sunnhordland omsette samla for 15,7 milliardar kroner i 2019. Toppen blei nådd i 2014 med 19 milliardar kroner. Verfta sysselsette 4.330 arbeidstakarar ved utgangen av 2019. Då er ikkje innleige rekna med. Toppen blei nådd i 2013 med 4.885 arbeidstakarar, heiter det i pressemeldinga.

Mykje å gjera: Fitjar Mek. Verksted er eitt av seks sunnhordlandsverft som er med i rapporten. Foto: Henrik Mundl Andreassen

Westcon Yards, Fitjar Mekaniske Verksted, Kværner Stord, Leirvik AS, Bømlo Skipsservice, Oma Baatbyggeri, LOS Marine, Aibel Haugesund og AF Decom Offshore Vats er verfta som er med i rapporten.

Men alt er ikkje roseraudt. Verftsdirektør Hugo Strand ved Fitjar Mek. Verksted er også styreleiar i bransjeorganisasjonen Norske skipsverft. Han fryktar norske verft skal tapa fleire oppdrag til utlandet, og at heile bransjen skal bli tappa for arbeidskraft og kompetanse, melder NRK Hordaland.

– Konkurransen frå utlandet, og særleg Tyrkia, er definitivt blitt større, særleg innan fiskeri og havbruk, seier Strand til NRK.

Han viser til statsstikk som seier at det er 43 prosent nedgang i nye kontraktar for norske skipsverft, og det er dei største aktørane som slit.

– Dette er farleg for heile bransjen. Det er dei som skal driva med innovasjon, seier Strand, som får støtte frå seniorøkonom Anders Merckoll Helseth i konsulentselskapet Menon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det går dårleg med fleire, men det er vanskeleg å spå kven som kjem til å klara seg og ikkje, seier Helseth.

Norske verft si store utfordring er at det no vert bygd like bra skip i utlandet som i Norge, berre mykje billegare.