LEIGER: Stord kommune skal ta i bruk over 400 kvadratmeter i den nye helseparken frå neste år. I dag vart leigekontrakten signert. Foto: ILLUSTRASJON: MAD ARKITEKTAR AS

Har signert leigeavtale i Borggata

Stord kommune har formelt signert leigeavtale i den nye helseparken.

Når helseparken i Borggata står ferdig, etter planen i april 2021, skal Stord kommune flytta inn i deler av lokala.

Og no har kommunen formelt underteikna leigeavtale med Borggata Futurum, skriv Stord kommune på sine heimesider.

Les også
Går laus på byggjejobben

Det betyr at helsestasjonen i Myro skal flytta inn i helseparken, medan Maris skal flytta inn der som helsestasjonen ligg i deg.

Ifølgje heimesida til kommunen er det også vurdert om utekontakten skal flytta inn i helseparken. Førebels har kommunen sikra seg opsjon fram til 1. juni 2020, med høve til å eventuelt leiga meir areal i Stord helsepark. Rådmannen skal vurdera arealbehova ytterlegare før den tid.

LITE EIGNA: Dagens lokale for helsestasjonen er lite eigna, og neste vår skal dei flytta. Då skal Maris inn i desse lokala. Foto: Henrik Mundal Andreassen