Eigarar: Det har vore kjensler i sving før Jens, Nina og Reidar Hystad og resten av eigarane bestemte seg for å selja aksjane. Foto: Hilde Vormedal Nybø

Hystad-familien etter salet: – Mange kjensler

I går gjekk 51 prosent av Sunnhordland-aksjane ut av Hystad-familien sine hender.

– Dette har sete langt inne, og det er ikkje tvil om at det har vore mange kjensler involvert. Men me meiner at me på denne måten sikrar verksemda for framtida, seier Jens Hystad.

Han får støtte av borna Reidar Hystad og Nina Mossefinn Hystad.

– Eg gler meg til at me blir ein del av eit større profesjonelt miljø. Det vil vera viktig for utvikling og for å halda oppe kompetansen i framtida. Men samstundes er det klar at det er ei sorg. Avisa har vore i familien i 118 år. Eg har sjølv jobba her sidan eg var 12 år. Slik sett er Sunnhordland barnet mitt. Men eg trur me har gjort eit godt val med å selja til Polaris Media, seier Nina Mossefinn Hystad.

Både ho og Reidar Hystad vil fortsetja å jobba i avisa. Ho som leiar for opplag og han som dagleg leiar.

– Me gjer dette for å sikra lesarane og annonsørane våre eit best mogeleg produkt. Det er avgjerande at me i framtid sikrar teknologi og kompetanse. Så er det klart at det er store kjensler i dette. Men me trur at dette vil sikra mediehuset i framtida, seier Reidar Hystad.

Les også
Polaris Media kjøper opp majoritetsdelen av Mediehuset Sunnhordland

Høyr Reidar og Jens Hystad snakka om familieverksemda i bursdagsshowet Hurra: