SMITTEVERN: Dagleg leiar Marianne Haukefær på Sjøhuset før Vassendgutane-konsert i august. No skal utestadene kontrollerast rundt smittevern. Foto: Kjetil Østrem

Innfører smittevernkontroll i utelivet på Stord

Skal ha smittevernkontroll i tillegg til vanleg alkoholkontroll.

For å overhalda smittevernreglane har Stord kommune i dag inngått avtale om smittevernkontroll med NoRuSun Skjenke- og Salskontroll Vertskommunesamarbeid, opplyser kommunen på sine nettsider.

Smittevernkontrollen vil bli utført i tillegg til vanleg alkoholkontroll ved skjenkjestadane.

Les også
Smittevern-fokus hos lokale kor: – Vurderer situasjonen heile tida

Serveringsstader, som restaurant, kafe, pub og utestadar kan halda ope dersom drifta er smittevernfagleg forsvarleg, jf. § 14a Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbrotet.

«Kontrollørane vil sjekka at gjeldande smittevernreglar vert følgt opp av skjenkjestadene. For tida gjeld dette éinmetersregelen, handdesinfeksjon, bordservering og sitjeplassar. Det vert også sjekka at skjenkjestaden har hengt opp informasjon som minner gjestene om smittevernreglane som gjeld», skriv dei.

Kontrollørane skal fylla ut eit kontrollskjema for kvar kontroll, som blir sendt til kommunen. Om kontrollørane ser brot, vil dei skriva tilleggsrapport.

Les også
Slik skal Sjøhuset hindra smitte under konserten med Vassendgutane