Lokale eigarar: Tre personar i leiinga i Energi Teknikk AS har kjøpt seg opp, og eig no totalt 2/3 av verksemda, som har hovudkontor i Rosendal. Foto: Energi Teknikk

Kjøper seg opp i eige selskap

Leiande personell kjøper seg opp i Energi Teknikk AS.

Carine Klemmetsen, Arild Klette Steinsvik og Eivind Tvedt, som alle sit i leiinga i Energi Teknikk AS, har kjøpt aksjar i bedrifta. Seljar er det serbiske vasskraftselskapet Hidroistel doo.

Klemmetsen og Steinsvik eig gjennom sitt selskap no 27 prosent av aksjane, medan Tvedt eig 40 prosent.

– Me ynskjer å satsa vidare på Energi Teknikk og trur at lokalt eigarskap saman med kompetente medarbeidarar utgjer ein verdifull ressurs for selskapet som kundane våre vil nyta godt av, seier Arild Klette Steinsvik, dagleg leiar i Energi Teknikk AS, i ei pressemelding.

Energi Teknikk har opplevd sterk vekst dei siste åra og omsette i fjor for 160 millionar kroner. Ordrereserven for selskapet, som er totalleverandør av elektromekanisk utrusting til småkraftbransjen, er 200 millionar kroner. Selskapet, som vart stifta i 1998, har hovudkontor i Rosendal og har i dag 22 tilsette innanfor administrasjon, sal, teknisk, prosjektstyring og installasjon. Selskapet har levert elektromekanisk utrusting til over 160 småkraftanlegg i Norge.