Fitjar kommune er ikkje nøgd med tiltaka som Fitjar Mekaniske Verksted har sett inn i samband med at verksemda ventar mottak av 50 utanlandske arbeidarar. No har kommunen komme med ytterlegare krav. Foto: Ingvild Siglen Berger

Kommunen med klare krav til Fitjar Mekaniske Verksted

Fitjar kommune krev ytterlegare tiltak i samband med at Fitjar Mekaniske Verksted planlegg mottak av utanlandske arbeidarar.

I eit brev frå kommunen til FMV onsdag, står det at kommunen i dag har fått melding om at ein planlegg mottak av 50 personar.

– Desse skal i 14 dagars karantene. Karantene skjer på opphald i rigg på Årskog industriområde i Fitjar, skriv rådmann Olaug Haugen og smittevernlege Shaie Waleed Brisam.

I brevet går det fram at kommunen har fått informasjon frå FMV i fleire omgangar dei siste dagane, og at kommunen var på synfaring på riggen tysdag. Onsdag fekk dei utdjupande dokumentasjon frå verksemda.

– Likevel vurderer kommunen og smittevernlege at tiltaka ikkje er tilstrekkelege for å oppretthalda eit forsvarleg smittevern på riggen der om lag 50 personar skal opphalda seg i karantene i 14 dagar, står det i brevet.

Les også
«Galskap», «ubegripeleg», «idiotisk» – sterke reaksjonar på at 100 utanlandske arbeidarar kan komma til Fitjar

Må senda dokumentasjon

Med bakgrunn i Smittevernloven har kommunen difor gjort vedtak med fleire krav, som gjeld for den perioden FMV tek imot utanlandske arbeidarar frå EØS-området under koronaepidemien. I vedtaket står det:

Krav til smitteverntiltak på systemnivå

Fitjar kommune krev framlagt følgjande dokumentasjon frå FMV innan kl. 20.00 25.03, i tillegg til det me har mottatt 23.3 og 25.3

– Eigenerklæring frå den enkelte arbeidar at han er frisk og utan symptom på luftvegsinfeksjon.

– Avtale om reinhald av rigg med underleverandør.

– Avtale med vaktselskap om heildøgnsvakthald eller 07-23.00 ved rigg for å unngå gruppesamlingar og vandring av folk i karantene til sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krav til karantenelokalitet

– I rigg for karantene skal dei bu på enkeltrom i små grupper med max 5 rom i nærleiken av kvarandre.

– Fellesrom skal nyttast av berre ein person om gangen.

– Vaskerom skal nyttast av berre ein person om gangen.

– Det er forbode å opphalda seg fleire på same rom pga. avstandskrav.

– Mat skal køyrast til riggen og fordelast til kvar bebuar sitt rom.

– Handling på butikk skal organiserast av bedrifta som felles innkjøp og distribusjon, og tilkøyring til riggen. Dette for å forhindra størst mogeleg grad av forflytting av folk mellom riggen og sentrumsbutikkane.

– Det skal gjennomførast reingjering av lokaliteten sitt gangareal, trappeoppgang, vaskerom, kontaktflater dagleg samt dagleg handtering av matavfall og tilført nye handklede av reinhaldsbyrå. Vask av bebuarrom skal skje annakvar dag.

Les også
Smittetilfella i Fitjar har samanheng

Krav til smitteverntiltak på individnivå

– Det skal vera dispenser for såpe på kvart rom for å sikra god handhygiene. Hender skal vaskast føre ein forlèt rommet og når ein kjem attende.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er forbode å opphalda seg fleire på same rom. Det er krav til avstand mellom bebuarane på min. 2 meter.

– Det skal vera informasjonsplakatar om handhygiene og hosterutinar på polsk på alle rom.

– Folk kan gå tur, helst åleine og med avstand på 2 meter dersom ein går fleire. Aldri over 5 samla.

Lokalitet for isolasjon

– Ved symptom på akutt luftvegssjukdom som feber, hoste eller tung pust, skal den tilsette opphalda seg på rommet sitt og isolerast. Arbeidsgjevar skal kontaktast på telefon av den berørte.

– Dersom arbeidstakar må ha legetilsyn kontaktar han legekontor i Fitjar, legevaktsentral eller legevakt 116 117. Dersom arbeidstakar må fraktast til lege skal det skje med sikkert transport i samråd med legetenesta.

– Arbeidsgjevar har eit ansvar for å sjå til at den tilsette har mat og det som den har behov for, sikrar at vedkommande får naudsynt helsehjelp om behov oppstår. Dette inneber at ein har kontinuerleg kontakt med den som er blitt sjuk.

– Arbeidsgjevar har ansvar for at den som eventuelt har vore i nærkontakt med vedkommande som er blitt sjuk innan 24 t før symptom, skal vidareførast i karantene. Dette inneber at arbeidsgjevar må oppretthalda same tilbod og regime nye 14 dagar.

Les også
Prøver å halda oppe drifta så lenge som mogeleg

Strenge tiltak

I samsvar med Smittevernloven paragraf 1-5 skal eit slikt inngrep vera forholdsmessig, og kommunen vurderer det slik at når det kjem mellom 50-100 arbeidarar frå Polen til ein liten kommune som Fitjar, så må det setjast strenge smitteverntiltak inn.

– For både å kunna medverka til at arbeidarane sjølv held seg friske, at det ikkje vert spreidd smitte frå karanteneriggen til dei befolkningstette og sentrumsnære områda i Fitjar, og at ev. smitta arbeidarar ikkje legg stort beslag på helseressursar lokalt og i spesialisthelsetenesta, skriv rådmannen og smittevernlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei peikar på at eit utbrot av koronavirus vil kunna medføra ei overbelasting på helsevesenet og vera ein risiko for folkehelsa.

– Samla sett er fordelane med vedtaket for arbeidarane og lokalsamfunnet vesentleg større enn ulempene for bedrifta, heiter det i brevet.

Til slutt står det at Fitjar kommune ikkje har økonomisk ansvar for konsekvensane av vedtaket, eit vedtak som kan klagast på til Fylkesmannen i Vestland.

Viktig for Fitjar

Ordførar Harald Rydland (KrF) seier i ei pressemelding at FMV er ei stor og viktig bedrift i Fitjar. Han viser til at kommunen behandlar saka på eit fagleg grunnlag etter nasjonale retningslinjer og smittevernlova, og at dei nasjonale retningslinjene seier at det ikkje er juridiske hindringar for at EØS-borgarar med arbeidsløyve kan komma inn i Norge.

– I ei tid med strenge restriksjonar og nærast unntakstilstand over alt, har eg som ordførar fått sterke reaksjonar frå mange innbyggjarar i Fitjar på denne saka. Det vert gjeve utrykk for at dette skapar frykt i bygda. Eg har forståing for fleire av innbyggjarane sine reaksjonar, seier Rydland.

– I ei tid med strenge restriksjonar og nærast unntakstilstand over alt, har eg som ordførar fått sterke reaksjonar frå mange innbyggjarar i Fitjar på denne saka, seier Fitjar-ordførar Harald Rydland i ei pressemelding. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Han peikar på at helsetenestene i Fitjar alt er hardt pressa, då det er påvist koronasmitte mellom dei tilsette på sjukeheimen som medfører karantenetiltak og at fleire tilsette må til for å driva sjukeheimen med strengare smitteverktiltak. Legekontoret slit òg med å ha full bemanning på grunn av karantene og sjukemelding.

– For å spara det lokale helsevesenet har ikkje folk frå andre stader lov til å overnatta på hyttene sine her i Fitjar. Andre verksemder i regionen har sendt mange utanlandske arbeidarar heim i denne tida. Ifølge Folkehelseinstituttet har me ikkje nådd nivå 3 i pandemien enno. Me kan framover risikera enno fleire smitta og sjuke, uttalar ordføraren.

Finna andre løysingar

Som ordførar meiner Rydland det er viktig å ta vare på næringslivet i kommunen.

– Likevel er me no inne i ei tid der me alle vert oppmoda til å gjera alt me kan for å hindra smittespreiing og ekstra belastning på det lokale helsevesenet. På bakgrunn av dette reknar eg med at FMV og andre næringsdrivande vil bidra i dugnaden. Sjølv om det ikkje er noko juridisk i vegen for å ta inn arbeidsfolk frå andre stader, oppmodar eg til at verksemdene gjer det dei kan for å finna andre løysingar. Dette kan t.d. vera å godta at ferdigstilling av prosjekt må utsetjast noko i tid, meiner han.

I pressemeldinga går det fram at også Stord-ordførar Gaute Straume Epland (Ap) stiller seg bak utsegna. På Stord har til dømes Kværner tidleg sendt heim sine innleigde utanlandske arbeidstakarar.

– Det er mange stordabuar som er opptekne av denne saka og har vendt seg til ordføraren med si bekymring. Fitjar og Stord har felles legevakt og samarbeid på andre område innan helse. Innafor næringslivet er det og mykje samkvem mellom kommunane. Det som skjer i den eine kommunen, vil såleis i stor grad påverka den andre, ikkje minst i situasjonen me no står i med handtering av korona-pandemien, seier Rydland.

Det har førebels ikkje lukkast Sunnhordland å koma i kontakt med verftsdirektør Hugo Strand onsdag kveld.

Les også
Koronasmitta helsearbeidar reagerer på at familien ikkje fekk testa seg i tide