Stord-ordførar Gaute S. Epland er svært takksam for gåva som Kværner gjev til kommunen. Foto: Gabriel Skålevik

Kommunen takkar for Kværner-gåve

Stord kommune takkar Kværner for milliongåva.

Torsdag morgon kom meldinga om at Kværner gjev fem millionar til Stord og Verdal kommunar sine helsetenester, som hjelp til handtering av korona-situasjonen.

– Det kjem godt med i ei tid med aukande og uavklarte kostnader, skriv Stord kommune i ei pressemelding.

Kommunen melder at det er veldig gledeleg å sjå dugnadsånda som pregar lokalsamfunnet i ei krevjande tid.

Les også
Kværner droppar utbyte - og donerer millionar til helsevesenet på Stord

Frå før har Kværner også hjelpt kommunen med smittevernutstyr og stilt personell til disposisjon.

– På vegner av kommunen vil eg takka Kværner for pengegåva, og all anna hjelp i samband med korona-situasjonen. Kværner er hjørnesteinen og eksistensgrunnlaget i kommunen vår, og har opp gjennom historia alltid tatt ansvar for samfunnet rundt seg. Eg er svært takksam for at me har ein slik aktør i lokalsamfunnet i situasjonen me står i no, seier ordførar Gaute S. Epland i pressemeldinga.

Les også
Arne Torget rører folk med dikt om betre tider