RETT VEG: Det vart eit godt 2019 for Kværner ASA, og dei føreslår no eit utbyte på 50 øre per aksje. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kraftig auke i omsetnaden for Kværner

La fram kvartalsrapporten i dag.

Onsdag morgon, presis klokka 7, la Kværner ASA fram resultata for 4. kvartal 2019 og eit førebels årsresultat for 2019.

I pressmeldinga heiter det at inntektene i siste kvartal i fjor enda på 2.789 millionar, noko som er ein auke på 58 prosent frå fjerde kvartal 2018. Då var inntektene 1.755 millionar.

Høgt aktivitetsnivå

«Me er glade for at resultat er i høve plane for 2019. Me leverte fleire viktige prosjekt i fjor, som gjorde at kundane våre kunne ta anlegga i bruk i høve sine planar, eller til og med før planane. Me startar 2020 med eit høgt aktivitetsnivå på verfta våre, og ordreboka inkluderer også viktige nye kontraktar vunne i 2019. Me følgjer også sentrale prospekt innan våre definerte område», heiter det vidare.

Les også
Forsynte seg med middag og selde han ut kantinevindauga på Kværner sin brakkeleir

Resultatet, som vert oppgjeven som EBIDTA (driftsresultat før rente, skatt, avskriving og nedskriving), enda på 105 millionar i siste kvartal 2019. Også det er opp frå 75 millionar i 2018.

Totalt for fjoråret enda resultatet på 512 millionar, som er opp frå 487 i 2018.

Store prosjekt

Den totale omsetnaden for konsernet i 2019 vart på 9,42 milliardar, som er høgare enn 7,2 milliardar det føre året.

«2019 var prega av ferdigstilling av viktige prosjekt som utstyrs- og bustadplattforma for Johan Sverdrup fase 1, og den normalt ubemanna plattforma Valhall Flanke Vest, i tillegg til nye kontraktstildelingar,» heiter det i pressemeldinga.

HØG AKTIVITET: Det er mykje arbeid som går føre seg på Stord om dagen. Det viser igjen att på kontoane til Kværner. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Utbyte

Samstundes med kvartalsrapporten skriv konsernet at dei føreslår eit utbyte på 0,50 kroner per aksje i selskapet.

Det gjev samla ein utbyteutbetaling på 134,5 millionar kroner, som er omtrent halvparten av nettoresultatet for Kværner i 2019. I pressemeldinga heiter det Kværner sidan børsnoteringa i 2011 har betalt ut 60 prosent av nettoresultatet i same periode.

Les også
Ser lyst på oljejobb i framtida

Styret i Kværner har også vedteke å endra utbyteprosedyren. Tidlegare har utbetaling av utbyte vorte vurdert to gonger per år. No er dette endra til éin gong per år. Mellom anna vert det no opna for ekstraordinært utbyte, om selskapet sin likviditet, finansielle styrke, og økonomiske struktur gjev opning for det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mørkare for 2020

Trass i at det er gode tal for 2019, ventar konsernet at tala for dette året vert svakare.

«Dette er eit resultat av situasjonen i marknaden, med få nye ordre i 2018 og 2019. Vidare er det venta at viktige kontraktar vil verta delt ut i 2020, 2021 og utover. Kværner sin strategi er å utnytta desse mogelegheitene til å utvikla og auka aktivitetane og resultata dei kommande åra»

Ifølgje E24 vart det i desember varsla at selskapet sin brutto driftsmargin er venta å verta halvert til omtrent tre prosent i 2020. Inntektene for 2020 er venta å falla til rundt 6 milliardar.

Konsernsjef Karl-Petter Løken har tidlegare sagt at Kværner har som ambisjon om å passera 10 milliardar i omsetnad. Men det skal først skje i 2023.

Les også
Delte ut 29 nye fagbrev i Kværner