Kværner på Stord: Kværner får ny demolerings-kontrakt. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kværner får ny resirkulerings-kontrakt

Kværner Stord er tildelt eit nytt oppdrag med å ta frå kvarandre og resirkulera plattformdelar frå Valhall- og Hod-feltet.

Kværner er allereie i gong med demoleringa av den gamle Valhall bustadplattforma, men har no fått ytterlegare fjerningsoppdrag på feltet.

– Demolering og resirkulering er ein marknad i vekst og eit satsingsområde for Kværner, seier Magnus Kise, leiar for demoleringsprosjekt i Kværner.

På topp er oppdraget venta å sysselsetta rundt 100 personar i bedrifta.

Les også
Kværner-tilsette bekymra etter at 178 polske arbeidarar møtte opp for å jobba i karantenetida

Kværner skal riva og resirkulera boreplattforma og produksjonsplattforma frå Valhall-feltet, i tillegg til den ubemanna Hod-plattforma som er knytt til Valhall. Oppdraget inkluderer også tre stålunderstell og fire bruer som går mellom plattformene.

Jobben skal gjennomførast ved demoleringsanlegget på Stord. Prosjekta har ei samla vekt på 33.000 tonn, samt opsjonar på ytterlegare 5.000 tonn. Det er Allseas som har gjeve Kværner kontrakten.

Dei første strukturane er venta å komma i 2022. Metodearbeid startar i løpet av dette året, medan detaljert offshore-kartlegging og engineeringsarbeid startar i 2021.

Les også
Fleirtal på Stortinget seier ja til ønsket frå Kværner og resten av leverandørindustrien