Betongkontrakt: Hywind Tampen er verdas største flytande havvindpark. No har Ølen Betong vunne ein stor betongkontrakt på prosjektet. Foto: Equinor/Illustrasjon

Kværner har tildelt Hywind-kontrakt

Lokal jubel. Ølen Betong er tildelt betongleveransar til Hywind Tampen. Kunde er Kværner.

Kontrakten gjeld betongleveransar til flytande betongstrukturar for verdas største flytande havvindpark. Leveransane vil føregå på Stord og Dommersnes i Vindafjord.

Fakta

Hywind Tampen er verdas største flytande havvindpark. Det er et pionerprosjekt og eit viktig bidrag for å redusera utslepp frå Gullfaks og Snorre, tilsvarande årlege utslepp frå 100.000 personbilar.

Vindparken vil bestå av 11 vindturbinar baserte på havvindkonseptet Hywind, som er utvikla av Equinor.

Vindmøllene blir monterte på flytande betongskrog. Dei 8 MW store turbinane vil få ein samla kapasitet på 88 MW, og vil kunna dekkja om lag 35 prosent av det årlege behovet for elektrisk kraft på de fem plattformene som utgjer Snorre og Gullfaks.

– Ølen Betong er ein nasjonal aktør med lang erfaring på drift og levering til store onshore prosjekt for olje- og gassindustrien rundt i Noreg. Summen av erfaring, kompetanse og kapasitet gjer at Ølen Betong er godt rusta for denne typen leveranse, seier Erik Stormyr, prosjektleiar i Kværner i ei pressemelding.

Les også
Equinor vil byggja den største flytande havvindparken i verda

Dagleg leiar, Lars Norekvål i Ølen Betong, er svært nøgd med avtalen som er kommen i stand, og ser fram til å gjennomføra eit spennande pionerprosjekt i samarbeid med Kværner.

– Me vurderer prosjektet som strategisk viktig for oss, med tanke på å vera med og bidra til berekraftige og verdiskapande løysingar for samfunnet, seier Norekvål.

Prosjektet blir både utfordrande og krevjande å gjennomføra, med drift døgeret rundt over 16 månader.

Les også
Siktar mot milliardomsetnad innan fornybar energi