NESTEN TOMME: Kværner har hatt mange hundre tilsette i brakker på Heiane. Men fredag skal alle utanlandske arbeidarar sendast heim. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kværner sender heim alle utanlandske leigearbeidarar

Over 1.100 personar vert i dag og i morgon sendt heim frå Kværner Stord.

Verksemda på Kjøtteinen har dei siste månadene hatt hektisk aktivitet, med mange tusen leigearbeidarar.

Men no er det klart at alle utanlandske leigearbeidarar vert senda heim. Det stadfestar kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner.

– Me er i ferd med å demobilisera all innleigd utanlandsk arbeidskraft, seier Naustdal.

Les også
Gigantskipet på Johan Castberg-feltet forseinka til Stord grunna koronaviruset

Chartrar fly

Kværner har chartra fire fly, som skal gå frå Haugesund Lufthavn, Helganes, i løpet av fredagen.

– Dette gjer me for å avgrensa risikoen for spreiing av viruset, og for å avgrensa eventuell belastning for det lokale helsevesenet, seier Naustdal.

Les også
Slik skal Stord kommune handtera tiltaka

Alle vert senda heim så snart som råd er. Dei aller fleste av dei utanlandske leigearbeidarane kjem frå Polen.

Kværner har vore i tett dialog med Stord kommune, og dei er orientert om planane.

Masse oppdrag

Arbeidet på Kværner Stord for dei lokale arbeidarane, og for leigearbeidarar frå Norge, vil gå som normalt inntil vidare.

– Men det er klart at dette vil påverka måten me jobbar i prosjekta på i denne perioden, forklarar Naustdal.

Det er arbeid på Njord A, Johan Castberg, tilleggsmodul til Johan Sverdrup, og demolering, som er dei store oppdraga for Kværner framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Demobiliseringa er gjort i dialog med våre oppdragsgjevarar, seier Naustdal, som ikkje vil kommentera korleis dette vil påverka dei ulike prosjekta og eventuelle tidsfristar.

Les også
Sjå lista over regjeringa sine drastiske korona-tiltak her

– Der er kommentaren at det vil påverka måten me jobbar i prosjekta på i denne perioden seier han.

Allereie før demobiliseringa hadde Kværner gjennomført fleire tiltak for å avgrensa smittespreiing.

Mellom anna forskyving av måltid i leirane, restriksjonar på talet på personar i bussar, og at alle som kunne ha heimekontor hadde det.