Statfjord A: Leirvik AS skal bidra med ressursar innan prosjektering, arbeidsleiing og installasjon, når Statfjord-plattformane skal få forlengja levetid. Foto: Harald Pettersen, EQUINOR

Leirvik AS skal bidra til å forlengja levetida på Statfjord-feltet

Apply AS er tildelt rammeavtale i samband med levetidsforlenginga av Statfjord-feltet (Statfjord FLX).

Rammeavtalen går på prosjekterings- og installasjonstenester. Kontrakten med Equinor har ein varigheit på sju år med opsjon på ytterlegare tre år, og er ein allianse-kontrakt som Leirvik AS er ein del av.

Leirvik AS skal bidra med ressursar innan prosjektering, arbeidsleiing og installasjon. Statfjord A, B og C har alle bustadkvarter som blei levert frå Leirvik AS på 1970- og 1980-talet.

– Å levera bustadkvarter-kompetanse inn i Statfjord FLX er eit strategisk viktig gjennombrot for Leirvik AS i vår satsing på vedlikehald- og modifikasjon-segmentet offshore. Kontrakten vil gje sysselsetting på engineering, arbeidsleiing og utføring, seier Øystein Kvalvik, som er Leirvik AS sin leiar for forretningsområdet, i ei pressemelding.

Les også
Statfjord A får leva lenger

Apply AS og Leirvik AS er ein del av Moreld AS, eit nytt industrikonsern som blei etablert i fjor, beståande av 20 ulike selskap.

Ifølgje Equinor skulle det vera slutt for Statfjord A i 2022, men det er bestemt å forlengja feltlivet til 2027. Levetida til Statfjord B- og C-plattformene vil bli forlengja frå 2025 til 2040.