TRAVELT: Nav har travle dagar, og må no handtera den største mengden med søknadar om dagpenger dei har hatt nokon gong. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Nav: 629 permitterte på Stord

Berre sist veke kom det 574 søknadar om dagpengar på Stord.

Nav gjekk måndag ut med nye, og oppdaterte tal over kor mange som no hadde søkt om dagpengar grunna permitteringar.

På Stord kom det 574 søknadar berre sist veke, mot 55 i veka før (Sjå tabell)

Så mange har søkt om dagpengar under permittering:
KommuneSøknadar totaltVeke 12Veke 11
Stord 629 57455
Fitjar 8273 9
Bømlo 370342 28
Sveio15514312
Kvinnherad27424232
Tysnes36324
Vestland24 25221 4212 831
Norge206 637185 95920 678

Marknadsansvarleg i Nav Sunnhordland, Sindre Vikanes, seier den tydelege auken held fram.

– Det var mange som vart permitterte sist veke, og det som er det store spørsmålet no er korleis dette vil utvikla seg, seier Vikanes.

Les også
Nav: Rundt 500 er permitterte på grunn av korona

Jobbar med løysingar

Han fortel at dette råkar alle, i alle typar næringar og bransjar, spesielt innan privat sektor.

– Ein hadde oljekrisa i 2015 og 2016, der Sunnhordland hadde høg arbeidsløyse, men dette er noko heilt anna igjen, seier Vikanes.

Les også
– Eg hadde aldri trudd at det var eit virus som kom til å knekkja meg

Han oppmodar dei som måtte verta permittert om å registrera seg med ein fyldig CV på Nav, og på den måten gjera seg tilgjengeleg om det skulle dukka opp andre mogelegheiter.

– Det vil også vera arbeidsgjevarar som vil ha behov for arbeidskraft framover, seier han.

Kjem med informasjon

Vidare ber han folk om å vera tolmodige, og seier Nav jobbar på høggir for å få på plass tekniske løysingar som kan gje folk dei pengane dei har krav på.

I ei pressemelding frå Nav seier etaten at dei gjer alt dei kan for å sikra at folk får pengane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Arbeidsløyse gjev skattesvikt

– Nav får no eit særs høgt tal søknadar, og meldingar, og me gjer alt me kan for å at folk får pengane sine. Me ber om at dei som kan ta i bruk digitale tenester oppsøkjer Nav.no for å finna svar på det dei lurar på. Her oppdaterer me informasjon til brukarar og arbeidsgjevarar så raskt me kan, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng i ei pressemelding.

Ein oversikt E24 har laga, syner at fleire tusen verksemder er råka.

Nav Stord fortel at dei vil komma med oppdatert lokal statistikk i morgon, tysdag.