Unikt og integrert: Det nye UNITECH teknologisenteret og yrkesskule kjem på Rubbestadneset. Foto: Illustrasjon

No er det klart kven som skal byggja teknologisenter og yrkesskule på Rubbestadneset

Veidekke har vunne anbodet på UNITECH teknologisenter med integrert yrkesfagleg skule på Bømlo.

– Veidekke er kåra som vinnar i ein arkitekt- og anbodskonkurranse leia av Rambøll i Bergen og blir invitert inn i ein samspelsfase som skal gå fram til oktober, skriv UNITECH i ei pressemelding.

Teknologisenteret skal opnast i mai 2022, og den påfølgjande hausten skal elevane byrja innan elektro, TIP, automasjon, maritim og havbruk. Med integrert skule vil dei komma tett på bedrifter som utviklar ny teknologi, mellom andre UNITECH Energy Group og LOS Gruppen.

Les også
Skal samarbeida om utdanninga i akvakultur på Bømlo

Bygget sin design skal leggja til rette for 1/3 industrielt formål, 1/3 skule og 1/3 samhandling i felles areal.

– Sambruk og samhandling mellom skule og eit moderne teknologisenter gjer prosjektet unikt og gjev heilt nye mogelegheiter for utvikling av yrkesfagleg utdanning framover, heiter det i pressemeldinga.

At senteret skal plasserast på Rubbestadneset er ikkje tilfeldig, der ein har hatt industrihistorie og kultur for havbasert næring i over 100 år. Bremnes Seashore er mellom bedriftene som har hatt avgjerande betyding på at senteret no skal innehalda ei ny og framtidsretta havbrukslinje.

Les også
Seier ja til akvakultur og nei til rom for helse- og oppvekstfag

– Det er veldig positivt at me no er i gang med neste fase i realiseringa av det nye teknologisenteret på Rubbestadneset. Me har store forventningar til ein arena for læring og utvikling, som vil gje eit løft for havbruksnæringa, både lokalt og nasjonalt, seier Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore.

LOS Gruppen satsar også betydeleg på Rubbestadneset.

– Ein stor dag for Sunnhordland og Rubbestadneset, seier konsernsjef Jakob Særstein i pressemeldinga.

Siva er tiltenkt som hovudaksjonær i eigedomsselskapet og som byggherre for utbygginga.