VIL HA TIPS: Ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø (f.v.) og journalistane Kjetil Østrem og Ingvild Siglen Berger gler seg til å ta imot nyheitstips via den nye appen Tipps. Foto: Vidar Hope

No får du poeng for å tipsa Sunnhordland

Sunnhordland lanserer heilt ny løysing for innsending - og premiering - av nyheitstips.

Frå i dag kan du lasta ned og ta i bruk appen Tipps på telefonen din. Tipps er ein applikasjon der publikum, uansett alder, kan senda inn tips til Sunnhordland. Tipsa blir påskjøna med poeng som kan brukast til å henta ut premiar.

– Når du har samla opp ein poengsaldo kan du velja å henta ut gåvekort frå lokale kjøpesenter, butikkar eller restaurantar, seier ansvarleg redaktør i Sunnhordland, Hilde Vormedal Nybø.

Betre dialog

Nybø seier at Sunnhordland gjennom tidene har vore heldige med mange flinke tipsarar. Med den nye appen håpar ho å få tettare dialog med tipsarane, og nå ut endå breiare enn før.

– For det første vil ein slik applikasjon gjera det enklare for oss å ta imot tips, handtera tips og påskjøna tips. For det andre så ønskjer me å få ein betre dialog med lesarane våre, og det er kanskje det viktigaste. Me vil ha inn fleire stemmer frå lokalsamfunnet, seier Nybø.

Dette er Tipps

* Ein app utvikla av Appinventiv i India. Prosjektet har vore leia av Future Solutions på Bømlo. Appen er eit samarbeidsprosjekt mellom avisene Sunnhordland, Hallingdølen og Avisa Hordaland. Universitetet i Bergen har også vore med i utviklinga.

* Appen let brukarane senda inn tips, foto og video til redaksjonen. Tips som blir nytta til redaksjonelle saker blir løna med poeng. Poenga kan løysast ut i gåvekort frå Amfi og Thon Hotel, Bakeriet Frugård, Elkjøp Stord, Heiane Storsenter og Spar Fitjar.

* Du kan lasta ned Tipps gratis i Google Play og App Store.

Samlar poeng

Tipps er lagt opp til at ein får 100-200 poeng for tips som blir brukt redaksjonelt. Når tipsaren har samla opp poeng kan vedkommande løysa dei ut i gåvekort hos lokale bedrifter. Sunnhordland jobbar også med ein modell der ein kan donera poenga direkte til eit idrettslag, til dømes.

– Dette starta med at me ønskte å driva utviklingsarbeid, og begynte så å sjå på kva me kunne forbetra i avisa. Etter å ha jobba mykje med det, så landa me på at ein av dei viktigaste tinga for oss, er å engasjera publikum. Me vil knytta lesarar nærare avisa og skapa større relasjonar. Få publikum til å sjå at dei kan vera bidragsytarar i det lokale nyheitsbiletet, seier Nybø.

– For å ta publikum på alvor, må me gi dei eit ordentleg verktøy å tipsa i. Me må ha ein ordentleg dialog og ei premiering, slik at dei føler at dei får noko igjen for å bidra med lokale nyheiter, legg ho til.

Du kan lasta ned Tipps i Google Play og App Store.

Slik ser ikonet for den nye tipsapplikasjonen ut. Foto: Tipps