SNART KLART: Om to veker skal anbodet til Oslo-ruta vera klar. Dei tilsette på flyplassen ventar i spenning på kven som skal operera Stord-Oslo. Arkivfoto: Olav Røli

Oslo-ruta blir lagt ut på anbod

Ruta kan vera i gang tidleg i april.

Måndag hadde Sunnhordland lufthavn AS møte med Samferdsledepartementet om Oslo-ruta. Der fekk styreleiar Dag Aksnes og dagleg leiar Jan Morten Myklebust stadfesta at ruta mellom Sørstokken og Gardermoen blir lagt ut på anbod i løpet av dei neste to vekene.

Det er to veker sidan Stortinget vedtok at flyruta skal gå inn i det statlege kjøpet av flyruter.

Når anbodet er ute vil flyselskapa få to veker på seg til å rekna på anbodet. Oppstart av ruta vil blir tidleg i april, melder Stord lufthamn.

Samferdsledepartementet vil i anbodet truleg ha 12 rotasjonar per veke på ruta. Det vert éin formiddagsrotasjon og éin ettermiddagsrotasjon måndag til fredag, i tillegg til to rotasjonar søndag ettermiddag/kveld, melder Stord lufthamn.

– Når det gjeld flystorleik ser ein truleg føre seg fly av typen Dash-8 eller tilsvarande. I praksis betyr dette fly med 39 eller fleire passasjersete.

Les også
Desse flyselskapa kan ta over Oslo-ruta