Polaris Media ASA har kjøpt 51 prosent av aksjane i Bladet Sunnhordland AS. Dei tidlegare eigarane blir med vidare med sine 49 prosent. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Polaris Media kjøper opp majoritetsdelen av Mediehuset Sunnhordland

Hystad-familien har eigd mediehuset i 118 år. No er 51 prosent av aksjane selde.

I går kjøpte Polaris Media ASA kjøpt 51 prosent av aksjane i Bladet Sunnhordland AS (mediehuset Sunnhordland med dotterselskap). Dei tidlegare eigarane vil med 49 prosent av aksjane framleis vera sterkt delaktige i drift, utvikling og eigarskap i selskapet.

– Me har kjent Polaris Media lenge, og har blant anna eit godt samarbeid på teknologiutvikling og teknologiske løysingar i dag. Me har erfart at Polaris Media har same genuine ønskje om å utvikla lokale og regionale mediehusposisjonar som oss, og har samanfallande strategiar på trykk og distribusjon, seier dagleg leiar Reidar Hystad i Mediehuset Sunnhordland.

Betre rusta

– Me trur at vår lokale kompetanse, kombinert med støtte frå eit større konsern, bidreg til at selskapa står betre rusta for framtida. I eit medielandskap i rask endring, dannar dette partnarskapet grunnlaget for endå betre redaksjonelle produkt og tenester for våre kundar og annonsørar framover, legg han til.

Mediehuset Sunnhordland har ei lang historie som familieeigd selskap. Partane vil framover jobba samen for å utvikla verksemda og ytterlegare styrkja dei regionale og lokale medieposisjonane i Sunnhordland.

«Polaris Media er eit mediehuskonsern beståande av mediehus med lang historikk, og med fokus på å byggja og utvikla sterke lokale og regionale mediehusposisjonar og merkevarer. Samtidig har konsernet lukkast godt med å byggja sterke industrielle satsingar på trykk og distribusjon gjennom effektiv drift, godt samarbeid og vilje til å satsa. Mediehuset Sunnhordland har 118 års historie som familieeigd mediehus, og har tilsvarande bygt sterke medieposisjonar gjennom Mediehuset Sunnhordland, Bømlo-nytt og deleigarskap i Os og Fusaposten og Grenda, og sterke trykkjeri -og distribusjonsverksemder i Sunnhordland. På same tid har mediehuset sett utfordringar med å stå åleine i ein bransje i rask transformasjon, med stadig aukande tempo i digital utvikling og aukande behov for digital spisskompetanse», skriv Polaris Media i ei pressemelding.

Ny region i konsernet

Ved eit tettare samarbeid vil Mediehuset Sunnhordland kunne fortsetja sitt gode arbeid i det lokale og regionale marknaden, og samtidig dra nytte av mogelegheitene og kompetansen som ligg i eit større konsern. Dette gir mediehusa endå betre føresetnader for å lukkast med sitt samfunnsoppdrag lokalt og regionalt i framtida, blant anna gjennom tilgang på kompetanse, produktutvikling og teknologi som krev skala. Mediehuset Sunnhordland blir med dette ein ny region i Polaris Media; Polaris Media Vest, melder konsernet.

Om Polaris Media

Etter transaksjonen vil Polaris Media vera majoritetseigar i 50 mediehus, der 39 er i Norge og 11 i Sverige. I tillegg har Polaris Media deleigarskap i 12 mediehus. Utover dette eig også Polaris Media sju trykkjeri og fem regionale distribusjonsselskap i Norge, samt eitt distribusjonsselskap i Sverige. Etter transaksjonen vil Polaris Media samla ha nesten 550.000 abonnentar og ei samla årleg omsetnad på ~3,6 mrd. kroner.

Nøgd klubbleiar

Olav Røli er leiar for redaksjonsklubben i Sunnhordland. Han er positiv til oppkjøpet.

– Eg trur og håpar at det bidreg til ei styrking av det redaksjonelle produktet i Mediehuset Sunnhordland. Det er positivt at me får ein stor og profesjonell medieaktør med på laget. Og så er eg glad for at det er valt ein aktør som seier dei satsar på lokal identitet. Eg håpar det blir bra, seier Røli.

– Og så må det seiast at Hystad-familien har drive bra i mange år. Eg vil spesielt framheva jobben som er gjort med trykkjeriet, legg klubbleiaren til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om Mediehuset Sunnhordland

Mediehuset Sunnhordland er eit mediehuskonsern som eig og utgir Sunnhordland og Bømlo-nytt, med geografisk fokus på Stord, Bømlo, Fitjar, Tysnes og Kvinnherad. Mediehusa har eit samla opplag på ca. 10.000, 21.000 daglege lesarar på papir og 18.000 daglege digitale lesarar. I tillegg har selskapet ei betydeleg trykkjeriverksemd og eig distribusjonsselskapet SUDI. Totalt omsette selskapet for 88 millionar i 2019, og med ein EBITDA på 7,4 millionar. Selskapet eig også minoritetspostar i Os og Fusaposten i Bjørnafjorden og Grenda i Kvinnherad.

Blir med vidare

Sjølv om Polaris Media kjøper 51 prosent av aksjane i selskapet, er alle dei tidlegare eigarane framleis med vidare på eigarsida, og fleire av eigarane vil framleis delta aktivt i leiinga og styret i selskapet. Mediehuset Sunnhordland med tilhøyrande verksemder vil bli ein ny region Vest i Polaris Media, og Reidar Hystad held fram som dagleg leiar i selskapet. Polaris Media ASA blir morselskap for selskapet, og vil konsolidera den nye regionen inn i sitt konsernrekneskap.

– Mediehuset Sunnhordland består av sterke merkevarer med lang historikk. Selskapet har på ein imponerande måte lukkast som frittståande mediehuskonsern i eit raskt skiftande medielandskap, både gjennom godt arbeid og dyktige medarbeidarar lokalt, og partnarskap på område der det har vore krevjande å stå åleine. Me ser fram til å jobba endå tettare saman med dagens leiing, tilsette og eigarar for å bidra til at Mediehuset Sunnhordland lukkast endå betre i framtida. Samtidig er satsinga i ein ny region, Polaris Media Vest, viktig for å styrkja den nasjonale posisjonen til Polaris Media, og forankra konsernet som ein endå sterkare nasjonal aktør både innan mediehusverksemd, trykk og distribusjon, seier Per Axel Koch, konsernsjef i Polaris Media, i ei pressemelding.

Les også
Hystad-familien etter salet: – Mange kjensler