Den fjerde krisepakken frå regjeringa for å demma opp for koronakrisa blir lagd fram fredag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Regjeringa legg fram nye krisetiltak fredag

Regjeringa legg fram nye økonomiske tiltak mot koronakrisa klokka 12 fredag.

Statsminister Erna Solberg (H), finansminister Jan Tore Sanner (H), næringsminister Iselin Nybø (V) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) vil leggja fram tiltaka på ein felles pressekonferanse på Statsministerens kontor fredag ettermiddag.

Tiltaka skal støtta bedrifter og næringsdrivande, sikra arbeidsplassar og styrkja næringslivet som blir hardt ramma av koronavirusutbrotet i Norge, heiter det i ei pressemelding frå Statsministerens kontor.

Det blir den fjerde tiltakspakken regjeringa legg fram sidan koronakrisa ramma Norge.

(©NPK)

Les også
Koronatiltaka held fram til over påske
Les også
Frisøren Ragnhild (55) vert straffa ekstra hardt