Montørar: BKK set inn ekstra ressursar for å sikra straumtilførsla til sine kundar i Sunnhordland. Foto: BKK

Sikrar straum til sunnhordlendingane

BKK har sett i verk ei lang rekkje tiltak for å oppretthalda trygg straumforsyning for 20.000 innbyggjarar i Etne, Tysnes og Kvinnherad under pandemien.

– Tiltaka skal sikra tilstrekkeleg bemanning til å vareta ei trygg og stabil straumforsyning, kraftproduksjon, fjernvarme og fiber, skriv BKK i ei pressemelding.

Selskapet var eitt av dei første i Noreg som gav eigne tilsette karantene etter feriereiser i land med koronasmitte. BKK opererte ei stund med strengare tiltak enn myndigheitene sine tilrådingar.

– Der det er mogeleg, jobbar alle frå heimekontor. Til og med 1.000 daglege førespurnader til kundesenteret vert handtert av medarbeidarar på heimekontor, heiter det i pressemeldinga.

Les også
Vil ha færrast mogeleg folk inn dørene

Sjukdom er største trussel

– Me skal sikra straum til helseinstitusjonar, bedrifter og heimar til 425.000 vestlendingar, blant anna innbyggjarane i Kvinnherad, Tysnes og Etne. Den største trusselen BKK står overfor med koronapandemien er om me skulle få så mange sjuke medarbeidarar at me ikkje klarer å løysa samfunnsoppgåvene i regionen vår. Difor er hovudfokuset vårt å avgrensa smitte og halda medarbeidarane våre friske, særleg dei som gjennom sine funksjonar er definerte som kritisk personell, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK. Dagleg har ho beredskapsmøte på video med leiarane sine for å styra BKK og selskapet sine 1.200 tilsette gjennom krisa. Dotterselskapet BKK Nett sette beredskap sist veke for å sikra straumnettet.

BKK-direktør: Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK, har teke grep for å hindra at sjukdom set selskapet ut av spel. Foto: BKK

Størst i vest

BKK Nett er det største nettselskapet på Vestlandet og leverer straum frå Sunnfjord i nord til Etne i sør.

– Når det skjer straumbrot, rykkjer montørar stasjonert over heile Vestlandet ut for å retta feil, ofte under svært krevjande vêrforhold. Dette er kritisk personell som det er spesielt viktig for BKK å halda friske. Det same gjeld kritisk personell som driftar selskapet sine kraftverk, fibernett og fjernvarme, melder nettselskapet.

Mannskap frå andre regionar

– Me er avhengige av operativt mannskap ute i felten. For å vareta desse på best mogeleg måte gjennomfører me berre heimebesøk dersom dette er strengt nødvendig, og då med verneutstyr. Arbeidslaga i felt er delt opp, slik at det er minst mogeleg kontakt mellom desse. Me gjer gode risikoanalysar. Alt handlar om å unngå sjukdom i størst mogeleg grad. Me har også laga ein intern app der alle medarbeidarar kvar dag skal registrera om dei er friske, sjuke eller i karantene. Dermed har me også god oversikt, seier Hilland. Dersom store deler av dei tilsette i eitt geografisk område skulle bli sjuke, har BKK planar for å setja inn mannskap frå andre regionar i BKK for å sikra straumforsyninga.

Les også
Amfi Stord skulle ha feira 35 år med brask og bram i desse dagar. I staden er kjøpesenteret tomt for folk

Arbeidsoppgåver på vent

– Eltilsyn hos privatpersonar vil ikkje bli utført inntil vidare, men me oppsøkjer bedrifter og byggjeplassar, sjølvsagt i samsvar med nasjonale retningslinjer for den situasjonen me er i og våre eigne risikoanalysar. Ei rekkje vedlikehaldsoppgåver og arbeid som ikkje er kritisk, blir også sett på vent. Dette gjer me både for å hindra spreiing av koronaviruset i samfunnet, og for å avgrensa spreiinga inn i vår eigen organisasjon, fortel Hilland.

Kvar einaste dag får BKK-tilsette oppdatert informasjon i selskapet sin interne informasjonskanal om tiltak som blir sett i verk og hendingar knytt til pandemien. BKK har også oppretta ein eigen psykososial støttetelefon for tilsette som treng nokon å snakka med, der dei kan få råd og støtte frå HR-avdelinga.

Les også
Nav: Rundt 500 er permitterte på grunn av korona