JUBEL: Prosjektleiar Bodil Haga kan gle seg over at Visit Sunnhordland blir tildelt snaue millionen av fylkeskommunen. Her frå eit iskaldt stunt tidlegare i haust. Foto: Gina Eriksen Al­breth­son

Skal løfta lokal turisme med nesten éin million kroner

Fylkeskommunen går inn med midlar til reiselivssatsinga i Sunnhordland.

Visit Sunnhordland er tildelt 924.000 kroner til produktutvikling i regionen. Det melder prosjektleiar Bodil Haga i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

– Dei siste åra har regionen hatt særleg fokus på utvikling av sykkel og vandring. Gjennom desse prosjekta har ein utvikla mange flotte turar i regionen, i overgangen mellom fjell og fjord, skriv Haga i ei pressemelding.

Les også
Skal bli eit berekraftig reisemål

Ho legg til at tida no er inne for å sjå på nye produktområde.

– Visit Sunnhordland skal saman med reiselivsnæringa utvikla fleire nye og spennande produkt. I prosjektet «Deltakardriven produktutvikling» vil vikinghistorie, religionshistorie, kortreist mat, geologi og kystperleriket vera sentralt, skriv Haga.

JUBEL: Anne S. Lønne og Bodil Haga i Samarbeidsrådet for Sunnhordland kan gle seg over støtte frå fylkeskommunen til vidare reiselivssatsing. Foto: Privat

Målet med prosjektet skal vera å gjera Sunnhordland som region endå meir attraktiv og synleg for tilreisande og fastbuande.

– Me gler oss til å jobba med eksisterande produkt for reiselivsnæringa, i tillegg til å utvikla nye spennande tiltak som gagnar reiselivet og regionen, skriv Haga.

Les også
Bodil går nye vegar for å styrka regionen