Sparebanken vest opprettar koronafond på 100 millionar
Sparebankstiftinga Sparebanken Vest opprettar eit eige koronafond på 100 millionar kroner for å støtta lag og foreiningar på Vestlandet som vil tapa pengar eller gå glipp av inntekter, på grunn av koronaepidemien.
– Ekstraordinære tider krev ekstraordinære tiltak, seier Hallgeir Isdahl, styreleiar i Sparebankstiftinga Sparebanken Vest i ei pressemelding.
Sparebankstiftinga Sparebanken Vest har oppretta fondet for å kompensera for bortfall av inntekter til lag og foreiningar som jobbar for å sikra gode fritidsaktivitetar for barn og unge over heile Vestlandet.
Sparebankstiftinga vart etablert hausten 2019, og har som føremål å delta i kapitalutvidingar i Sparebanken Vest. I tillegg skal dei kunna dela ut gåver til ålmennyttige føremål, som no.
Isdahl trur den økonomiske krisa kjem til å vara lenger enn helsekrisa, og meiner det difor er viktig å sikra at tilboda til barn og unge held fram når det blir mogeleg å samlast igjen.
– Barn og unge risikerer å bli taparar etter denne krisa dersom dei laga og foreiningane som står for fritidsaktivitetane deira ikkje overlever krisa økonomisk. For oss har det vore viktig å sikra at frivillige lag og organisasjonar kan halda fram, seier han.
(©NPK)