Oppdaterer systema: Har du ærend på Statens vegvesen bør du gjera det før fredag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Stengjer trafikkstasjonen

Skal oppdatera systema.

– No skal systema som blir brukt til køyretøytenester oppdaterast, og det betyr at ingen kan bruke desse tenestene i perioden 22. til og med 24. november. Alle trafikkstasjonane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blir difor stengt fredag 22. november, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Verken tilsette på trafikkstasjonen eller dei som svarar på telefon har tilgang til køyretøysystema. Det blir difor ikkje mogeleg å bruke våre digitale tenester på vegvesen.no, eller møte opp på våre trafikkstasjonar i denne perioden, opplyser seksjonsleiar Sigfred Sivertsen i Statens vegvesen. Han orsakar at dei må stengja tenestene desse dagane.

– Me er i gang med å fornye eit 40 år gammalt system. Tidlegare i år flytta vi over alle data. Tida er no kommen for å installere nye, integrerte løysingar, seier Sivertsen.

Frå 25. november gjer du igjen alt enkelt, raskt og sikkert på vegvesen.no