Får millionar: Sustainable Energy med dagleg leiar Willie Wågen i spissen får 45 millionar av regjeringa. Foto: Olav Røli

Stord-selskap får 45 millionar til satsing på fornybar energi

Regjeringa gjev det norske katapultsenteret Sustainable Energy på Stord 45 millionar kroner, som mellom anna skal gå til å gjera framsteg innan vindkraft på havet.

– Sustainable Energy på Stord får 45 millionar kroner til å utvikla seg vidare innanfor fornyelege energisystem, som til dømes havvind. Dei er nyss òg valde ut til eit spanande prosjekt der dei skal vera testsenter for flytande vindmøller. Dette Stord-miljøet yter til med ny teknologi og kunnskap som er avgjerande for verksemder over heile landet, og for eit konkurransedyktig næringsliv, seier næringsminister Iselin Nybø i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Les også
Skal få idear til å ta av

Regjeringa gjev om lag 130 millionar kroner til vidareutvikling av testsenter for næringslivet. I desse sentra kan norske verksemder testa ut eigne idear og løysingar, som kan føra til at nye produkt og prosessar vert utvikla. Ordninga skal hjelpa med å gjera vegen frå idé til marknad enklare, står det vidare i pressemeldinga.

Ny kunnskap og teknologi

I Norge er det i dag på landsbasis fem slike katapult-senter. Eitt av dei er Sustainable Energy frå Stord, som får tildelt 45 millionar kroner. Testsenteret for fornyelege energisystem er nyss valt ut som testsenter for eit større prosjekt knytt til flytande vindmøller.

Testsenteret Ocean Innovation i Bergen får 32 millionar kroner, der det kan utførast testar innan område som fiskebiologi og vasskvalitet. Future Materials i Grimstad får 30 millionar, og har materialutvikling som sitt felt. Manufacturing Technology på Raufoss får i overkant av 6 millionar kroner, og har sine tenester retta mot produksjonsteknologi. DigiCat i Ålesund får 17 millionar, og har kompetanse innan digitale verktøy.

Les også
Inngår samarbeid om hydrogenlaboratorium

– Me gjev 130 millionar kroner til katapult-sentra for at dei kan testa ut ny kunnskap og teknologi, som gjer at norske verksemder kan lukkast i framtida, seier næringsminister Iselin Nybø i pressemeldinga.

Tilgang på nyaste teknologi

Med katapult-sentra skriv regjeringa at ho legg til rette for nyskapande og konkurransedyktige næringar i Norge, Regjeringa ser på dette som viktig for verdiskaping og for å kunne møta utfordringar i framtida. Næringslivet vert utfordra av raske teknologiske endringar og «det grøne skiftet», som gjer at ein må finna fram til gode og berekraftige løysingar.

Det er selskapet Siva som forvaltar katapult-ordninga på vegner av Nærings- og fiskeridepartementet og i samarbeid med Innovasjon Norge og Forskingsrådet. I 2019 vart det løyvd 125 millionar kroner til ordninga. Og sidan ordninga vart oppretta i 2017 har det blitt utnemnt fem slike nasjonale katapult- senter.

– I katapult-senteret kan verksemda utvikla produkta og prosessane sine med den fremste tilgjengelege teknologien, seier administrerande direktør i Siva, Ingrid Riddervold Lorange i pressemeldinga.

Les også
– Den nye «havkatapulten» skal styrka norsk industri