Blir sjef: Hilde Vormedal Nybø startar som ny ansvarleg redaktør i Sunnhordland onsdag 1. april. Foto: Sunnhordland

Sunnhordland har fått ny ansvarleg redaktør

Hilde Vormedal Nybø (47) gler seg til å starta i sjefsstillinga.

Tidlegare blei det kjent at Magne Kydland (49) gir seg som ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland for å ta fatt på nye utfordringar som kommunikasjonssjef i Helse Fonna. Tysdag var siste arbeidsdag for Kydland i Borggata. Same dag kunngjorde styret i mediehuset at Hilde Vormedal Nybø (47) er tilsett som ny ansvarleg redaktør, frå og med 1. april.

Spesielle omstende

Nybø har vore journalist på Stord i 23 år – først i Haugesunds Avis, og dei siste ni åra i Mediehuset Sunnhordland. Ho har dei siste åra vore nyheitsleiar.

– Det er ei stor ære å bli vist tilliten til å ta over som ansvarleg redaktør i Sunnhordland, seier ho.

– Dette er ei oppgåve som eg gler meg til å gå laus på, men det er også noko eg går inn i med ærefrykt. Dei seinaste åra har avisa fått ei rekkje utmerkingar og ikkje minst var me «Årets lokalavis i Europa» i 2018. Det seier ikkje lite om kor ambisiøs avisa er, fortel ho.

– Eg kjenner også på at det er spesielt å overta under desse omstenda. Korona-viruset har sendt oss inn i ein situasjon som har sett vår verd og mange andre si på hovudet. Me merkar ein enorm etterspurnad etter nyhende. For vår del ser me rundt ei dobling i nettrafikken på kort tid. Her har me som lokalavis ei enormt viktig oppgåve i å fortelja historiene til dei som no på ulikt vis blir råka av krisa, til å forklara og ikkje minst til å vera med å halda motet oppe i ein uavklart situasjon. No er innspel frå lesarane våre viktigare enn nokon gong.

Den beste kandidaten

Styreformann Olav Mugaas i Bladet Sunnhordland AS seier han er svært nøgd med at Nybø har takka ja til jobben.

– Ho var den beste kandidaten me kunne få. Eg har tillit til at ho med si lange erfaring vil gjera ein veldig god jobb, seier han.

Mugaas påpeikar at mediehuset har utfordringar på kort og lang sikt, til liks med mediebransjen elles.

– Me har eit ansvar overfor lesarane våre om å laga eit best mogeleg produkt. Me har god tru på at Nybø vil stå i spissen for nettopp det, seier han.

Kollegaer i ei årrekkje

Magne Kydland har jobba saman med Nybø i ei årrekkje og gler seg over at ho tek over stafettpinnen i Borggata.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit spennande, og ikkje minst eit historisk val, sidan det er første gongen at Sunnhordland får ein kvinneleg redaktør. Eg har jobba tett med Hilde i mange år, både i Sunnhordland og Haugesunds Avis, og veit kva ho står for, og eg er ikkje redd for at ho ikkje skal takla ei slik kjekk utfordring, seier Kydland.

Gir seg: Magne Kydland hadde siste arbeidsdag som Sunnhordland-redaktør tysdag. No blir han ny kommunikasjonssjef i Helse Fonna. Foto: Helse Fonna

Hilde Vormedal Nybø er gift med musikaren og forfattaren Roald Kaldestad. Dei bur på Kattatveit på Stord saman med tre søner. I morgon, tysdag, er det Nybø som styrer skuta. Utfordringar ventar allereie første dag.

– Saman med dei utruleg dyktige kollegaene mine i redaksjonen og på resten av huset, så har eg tru på at me skal klara å komma heilskinna ut av krisa, og jobba for at avisa, som snart blir 118 år, skal liggja i front på alle publiseringsplattformer. For meg er dette spesielt på fleire måter. Eg ser også at Magne Kydland, som eg først byrja å jobba med for 23 år sidan i Haugesunds Avis, gå ut døra og over som kommunikasjonssjef i Helse Fonna. Eg ønskjer han lukke til, og kan nok garantera at han får det travelt, seier ho.