SET I GANG NESTE MÅNAD: Jan Kåre Pedersen, dagleg leiar i Sunnhordland Naturgass, og forretningsutviklar Lene Pilskog, fortel at dei går i gang med bygginga av biogassanlegget på Eldøyane. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Har fått klarsignal til bygging på Eldøyane

Jan Kåre Pedersen håpar på byggjestart i februar.

Under ein pressekonferanse fredag formiddag fortel Sunnhordland Naturgass at dei har fått endeleg klarsignal til å setja i gang arbeidet med biogassanlegg på Eldøyane.

– I går fekk me tilsegn frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, og er no klar til å søke kommunen om godkjenning til å starta bygginga på Eldøyane. Me har rammeløyve frå Stord kommune, og vil no senda melding om igangsetjing. Me håpar å komma i gang med bygginga av anlegget innan februar månad, seier Jan Kåre Pedersen, dagleg leiar i Sunnhordland Naturgass.

Les også
– «Nok er nok»-aksjonist innrømmer tap

Det einaste som manglar er ein vass og avløpsplan, som dei håpar er klar om få veker. Sunnhordland Naturgass håpar at det fysiske arbeidet på Eldøyane startar kring 26. februar.

– Det blir biogass på Stord og me er veldig glade for det, seier Pedersen.

Anlegget har ei kostnadsramme på om lag 140 millionar kroner.

Les også
Klar til å gå i gang med bygginga
ANLEGGET PÅ ELDØYANE: Slik ser Sunnhordland Naturgass føre seg at biogassanlegget skal sjå ut. Illustrasjon: FRONTA
Les også
Miljødirektoratet avviser klagen frå naboar