PRISKANDIDAT: Mediehuset Sunnhordland har blitt nominert til «Årets avisforside». Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sunnhordland nominert til årets avisframside

Framsida til «Hendene som forma Kværner» fekk Sunnhordland på topp 5-lista.

Torsdag melder Mediebedriftenes Landsforening att alle bidraga til Årets Mediepriser har blitt gjennomgått av jury.

– To juryar har behandla over 550 bidrag frå store og små redaksjonar frå heile landet, det har vore gode diskusjonar, og ei imponerande mengde arbeid som er send inn. Ein blir stolt av norske medium når ein går gjennom dette, fly flate så flinke folk er, seier juryleiar Trine Ohrberg i ei pressemelding.

Reportasje om Kværner

Blant nominasjonane til «Årets avisforside» er Sunnhordland å finna blant dei fem mediehusa Adresseavisen/Ukeadressa, Dagens Næringsliv, VG, og Klassekampen.

Avisframsida som vart nominert er fjorårets oktoberutgåve av magasinet «Mitt Sunnhordland», for reportasjen «Hendene som forma Kværner».

Reportasjen er skriven av journalist Ingvild Siglen Berger, med bilete av fotojournalist Marius Knutsen og papirsider laga av grafikar Mari-Anne Korsvik.

Kjempegøy å bli nominert

Sjølve framsida er laga av grafikar Lena Herland Eide i Sunnhordland. Ho er kjempeglad for at Sunnhordland er nominert i MBL.

– Så gøy det er å vera nominert! Det er jo stas berre det. Ikkje minst fordi me har vore nominerte før, og veit kor mykje det er som skal til. Det hadde vore kjempegøy om det gjekk heile vegen, seier Herland Eide.

Ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø i Sunnhordland er også nøgd med at avisa har blitt nominert til årets avisframside.

– Det er strålande, og for eit fantastisk selskap å vera i, når ein ser på dei andre kandidatane, seier redaktøren.

Les også
Hendene som forma Kværner