Trøbbel: Fjord1 fekk tekniske problem på sambandet Husavik-Sandvikvåg i morgontimane laurdag, men frå klokka 10.15 skal sambandet gå som normalt, melder reiarlaget. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Arkiv

Tilbake i normal drift etter morgonstopp

Etter tekniske problem på ferjesambandet Husavik-Sandvikvåg i morgontimane laurdag, skal alt gå som normalt frå klokka 10.15.

Grunna tekniske problem blei sambandet Husavik-Sandvikvåg innstilt like over klokka 08.00 laurdag morgon.

Fjord1 melder på heimesidene sine laurdag formiddag at det skal vera normal drift i sambandet, frå klokka 10.15-avgangen frå Husavik.