Ny stilling: Dagleg leiar Anne-Grethe Sandtorv i Stord Næringsråd har fått ei ny prosjektstilling. Foto: Arkiv

Trer av som dagleg leiar

Anne-Grete Sandtorv, som i dag er dagleg leiar i Stord Næringsråd, vil gå over i ein tidsavgrensa prosjektstilling i 80 prosent.

I tillegg vil ho ha ei 20 fast stilling i Stord Næringsråd, melder rådet i ei pressemelding.

– Styret ser dette som ei styrking av organisasjonen og ei naturleg utvikling i den tida næringslivet er inne i, står det i pressemeldinga.

Prosjektstillinga er under føresetnad av at finansiering er på plass før oppstart.

Stord Næringsråd ønskjer å løfta fram eit prosjekt innan sirkulærøkonomi som vedkjem innbyggjarane og næringsliv i Sunnhordland, og som vil ha påverknad på næringslivet i mange bransjar både lokalt og nasjonalt, skriv næringsrådet.

Les også
Stord Hotell stakk av med Næringsprisen

Prosjektet skal vera basert på den kunnskap og informasjon som mellom anna ligg i «Vegkart for Avfalls- og gjenvinningsbransjen for Sirkulærøkonomi» og «Vegkart for Grøn Handel».

Prosjektet set fokus på tekstilbransjen. Overføringsverdi til andre bransjar er samstundes eit viktig delmål for prosjektet.