Helsehus: No er det klart at Veidekke ASA skal byggja helseparken på Stord. Illustrasjon: MAD Arkitekter

Veidekke skal byggja helseparken på Stord

Tysdag har Veidekke ASA skrive kontrakt med Borggata Futurum AS om å byggja helsepark på Stord.

Næringsbygget skal samla ei rekkje helsetenester i Leirvik sentrum. Oppdraget er ein totalentreprise verdt ca. 100 millionar kroner ekskl. mva.

– Stord Helsepark blir på nær 6.000 m2 over seks etasjar i tillegg til parkeringsanlegg for bilar og syklar i to etasjar under bakken. Helsesenteret skal samla eit breitt utval av verksemder som allmennlegar, spesialisttenester, tannklinikk, fysioterapeut, kiropraktor, naprapat, helserelatert handel, kafé og treningssenter. For dei som skal jobba i bygget blir det felles kantine, møte- og kurslokale, skriv Veidekke i ei pressemelding.

Les også
Går laus på byggjejobben

Eksisterande bygg i Borggata 5-9 skal totalrenoverast og byggjast på med to nye etasjar på toppen.

– Prosjektet er utvikla i tett samarbeid mellom utbyggjar, Veidekke og MAD Arkitekter. Byggjearbeidet vert sett i gang i starten av mars og helseparken skal stå klar til opning i løpet av våren 2021, står det i pressemeldinga.