Fylkeskommunen har mellom anna ein del planlagde arbeid på fylkesvegnettet, og ser det naturleg at ein i lys av korona-situasjonen legg til rette for tidlegare oppstart av desse arbeida så tidleg som råd. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Vestland vil hjelpa næringsliv og frivillig sektor

Fylkeskommunen er i gong med å finna dei beste tiltaka for å hjelpa kultursektoren, næringsliv, idrett og frivillige organisasjonar.

I ei pressemelding skriv fylkeskommunen at koronaviruset har ført til full oppbremsing av aktiviteten på ein stor del av sektorane i fylket. Både politikarar og fylkesrådmannen følgjer utviklinga tett.

– Vårt viktigaste bidrag i den nasjonale dugnaden er no å gjera det me kan for å sikra livsgrunnlaget for enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar. Leiinga i fylkeskommunen følgjer situasjonen tett for å leggja til rette for dette, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland, i pressemeldinga.

Les også
Stenger alle vidaregåande skular i Vestland

Fylkesordføraren har bestilt ei sak frå administrasjonen om kva tiltak Vestland kan bidra med for å halda hjula i gang for flest mogeleg i situasjonen.

– Saka femner alle område der fylkeskommunen kan bidra. Saka skal opp i fylkesutvalsmøtet torsdag 26. mars, som vert avvikla som videomøte på grunn av korona-situasjonen. Fylkesordføraren er også i tett kontakt med LO og NHO for å drøfta løysingar. står det i pressemeldinga.

Les også
Bømlo opprettar koronatelefon

Utbetaling av full støtte til kulturarrangement som får stønad frå fylkeskommunen er eitt grep som alt er tatt, sjølv om dei må avlysa på grunn av koronavirus-situasjonen. Dette for å sikra føreseielegheit for aktørane i kulturlivet i denne vanskelege tida.

– Me ser føre oss at det er ein del tiltak me kan setta i verk på kort varsel. Opprustings- og vedlikehaldsprosjekt på bygningsmassen vår er til dømes eitt grep som vil kunna gje aktivitet for entreprenørar og handverkarar i alle delar av fylket. Vidare har me ein del planlagde arbeid på fylkesvegnettet, som vil vera verdifulle for anleggsbedrifter. Det er difor naturleg at me i denne situasjonen legg til rette for tidlegare oppstart av desse arbeida så tidleg som råd, seier Askeland.

Les også
Koronavirus og karantenereglar gjer at anleggsaktiviteten vil gå ned

Fylkesordføraren ser likevel at det er nokre område der strakstiltak vil ha avgrensa effekt.

– Samstundes er det andre område der det er vanskeleg å ta grep som gjev rask effekt, slik som til dømes innan reiseliv, der det kan ta lang tid å koma i gang att etter ein slik periode med avbestillingar og reiserestriksjonar. Fylkeskommunen vil ha tett dialog med bransjen, for å få opp att drifta, seier han i pressemeldinga.