Skipa vert dei første av sitt slag som er utstyrt med ei hybrid framdriftsløysing. Illustrasjonsfoto: Wärtsilä

Historisk: Wärtsilä skal gjera lastegravefartøy hybrid

Wärtsilä skal levera komplett systemdesign og full utrusting av to nye 9300 DWT sjølvlossande fraktefartøy med hybrid framdrift.

I ei pressemelding onsdag skriv Wärtsilä at skipa vert dei første av sitt slag som er utstyrt med ei hybrid framdriftsløysing. Dei skal byggjast for det norske reiarlaget Aasen Shipping AS, frå Moster på Bømlo, ved det nederlandske verftet Royal Bodewes.

Det var i desember at ordren med Wärtsilä vart signert. Selskapet vart kontakta for å avgjera om ei hybridinstallasjon ville vera fordelaktig for desse nye skipa, og gjennomførte så ein detaljert studie i nært samarbeid med Aasen Shipping, der ei rekkje relevante forhold blei vurdert.

– Studien konkluderte med at kostnadsinnsparinga ved redusert drivstofforbruk var langt større enn dei ekstra kostnadane som ein batteri-installasjon ville medføra. Dermed ville hybrid-framdrift bli økonomisk lønsamt, heiter det i pressemeldinga.

Les også
Får 100 millionar til prosjekt med lokalt offshorefartøy

Wärtsilä levera ein Wärtsilä 26-hovudmotor med girkasse og vridbar propell (CPP) på kvart av fartøya, ei likestraumstavla, ein batteripakke og eit komplett styringssystem. Utstyret skal etter planen leverast til verftet medio 2021.

– Skipa er utstyrt med gravemaskin for lasting og lossing av tørrlast. Gravemaskinen vil bli elektrisk drevet, også frå batteripakken, og dette vil vera med og redusera det totale drivstofforbruket i tillegg til at den dieselfrie operasjonen blir utsleppsfri, skriv selskapet.

Investeringskostnadane for hybridinstallasjonen får støtte frå det statlege føretaket Enova som bidreg til å fremja miljøvennleg produksjon og energiforbruk.

Les også
Får pris for skip på naturgass