Ingen skadde: Ifølgje politiet vart ingen skadde under uhellet i rundkjøringa ved Sagvågvegen. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Lyktestolpe låg over vegen

Bilar som skulle til Sagvåg og Heiane laurdag, vart dirigerte via Langeland fram til stolpen vart fjerna.

På Twitter skreiv politiet i Sør-Vest at dei klokka 22.17 laurdag fekk inn ei melding om eit trafikkuhell på E39, i rundkøyringa ved Sagvågvegen på Stord.

– Ein lyktestolpe er køyrd ned og ligg over vegen, skreiv politiet og la til at entreprenør var på staden.

Ingen vart skadde under uhellet, og bilar som skulle til Sagvåg og Heiane vart dirigerte via Langeland fram til stolpen er fjerna, skriv politiet vidare.

– Me har bilbergar på staden og nokon som tek hand om stolpen. Me må få gjort den jobben som krevst, og så vil jo vegen verta opna igjen. Men per no så må me ha den vesle omkøyringa, slik at arbeidet kan utførast og vegen kan opnast att, sa operasjonsleiar John Ask ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt.