Politikontroll: Politiet kontrollerte to motorsyklar torsdag, der eine føraren vart meld og miste lappen. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Motorsyklist meld for fleire brotsverk på vegen

To MC-førarar vart kontrollerte av ein politipatrulje torsdag kveld, der eine miste lappen for å mellom anna ha køyrt forbi ein ambulanse under utrykking.

Politiet i Sør-Vest skriv på Twitter at motorsyklistane vart kontrollerte ved Kleivane på Stord, etter å ha tedd seg uforsvarleg på E39. Begge førarane er menn i midten av 20-åra.

Føraren som vart meld, hadde køyrt i 112 km/t i 80-sona og kryssa dobbel sperrelinje under forbikøyring av ambulanse under utrykking. Ved sida av desse tilhøva vart vedkommande òg meld for forbikøyring før bakketopp, samt køyring på eitt hjul.

Politiet har kverrsett føraren sitt sertifikat, medan den andre sjåføren får forenkla førelegg for køyring i 78 km/t i 60-sona.