UP-kontroll: Høgste hastighet var 31 km/t øve gitt fartsgrense på staden. Illustrasjonsfoto: Marius Knutsen

12 personar såg vekk frå innkøyring forbode-skilt

UP stod i over tre timar og hadde laserkontroll på E39 i Sveio torsdag kveld.

Utrykkingspolitiet hadde torsdag ettermiddag ein over tre timar lang seanse med laseren på E39 i 80-sona ved Haukås i Sveio.

22 personar fekk forenkla førelegg for å ha køyrd for fort og 12 personar for å ha køyrd mot innkøyring forbode-skilt.

– Ein person vert meldt for å ha køyrd i 111 km/t, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Dette er 31 km/t øve fartsgrensa, noko som tilseie ein fartsbot på 8.500 kroner ifølgje politiet sine bøtesatsar.

Les også
To trailerar fekk ikkje køyra vidare