Fartskontroll: 14 bilar køyrde for fort i 60-sona ved Haukås. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

14 bilistar køyrde for fort

Det var mange som tilsynelatande hadde det travelt i 60-sona ved Haukås i Sveio tysdag ettermiddag.

Politiet i Sør-Vest melder at dei har hatt trafikkontroll på staden. Der vart det skrive ut 14 forenkla førelegg for fart. Høgste hastigheit målt var 83 km/t i 60-sona.

Staden er kjend for å vera ein av E39-strekkja i Sunnhordland der bilførarar gong på gong trykkjer litt for hardt på fartspedalen.

Her ser du politiet si liste over kva du må betala i bot dersom du køyrer for fort og fartsgrensa på staden er 60 km/t eller lågare:

til og med 5 km/t kr 800

til og med 10 km/t kr 2 100

til og med 15 km/t kr 3 800

til og med 20 km/t kr 5 500

til og med 25 km/t kr 8 500

Les også
UP delte ut heile 16 fartsbøter på ein og same kontroll