FRITIDSBÅTAR: Snittalderen på menn som har mista livet i i fritidsbåtulukker i år er 58 år. Foto: Steinar Haugberg

14 menn omkom i ulukker i fritidsbåt første halvår

Tre meir ein i første halvår i 2020 og to meir ein snittet dei siste åra.

Sjøfartsdirektoratet har registrert 14 omkomne ved bruk av fritidsfartøy første halvår i 2021. Agder, Vestland og Nordland hadde tre omkomne kvar, Rogaland og Telemark hadde to omkomne, medan éin person mista livet i fritidsbåtulukke i Viken første halvår.

Fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad fortel om triste tal.

– Tenkjer tryggleik heile året

– Me har dei siste åra sett ein gledeleg nedgang i fritidsbåtulukker på årsbasis, frå eit snitt på rundt 30 personar dei siste åra, til totalt 20 omkomne i 2020. Denne nedgangen har ikkje vist seg i første halvår. Dette viser at det er viktig å tenkja tryggleik heile året, og i både sjø og elv. Vatnet er kaldare på vinter, vår og haust, og ein vil ha kortare tid på seg for å redda seg sjølv eller tilkalle hjelp, seier Alvestad.

SJØFARTSDIREKTØR: Lars Alvestad fortel om ein gledeleg nedgang dei siste åra, men denne nedgangen har ikkje vist seg fyrste halvår. Foto: Sjøfartsdirektoratet

– Bruk vest!

Sjøfartsdirektoratet anbefaler å bruka vest og kallar det ein av dei viktigaste førebyggjande tiltaka som kan bidra til å redda liv. Ti av dei omkomne brukte diverre ikkje flyteutstyr, og fire personar er framleis sakna etter ulukkene.

Sjøfartsdirektoratet trur at bruk av vest kunne ha redda fleire. Flyteutstyr ville uansett ha ført til at dei forulukka ville blitt funne i etterkant av ulukka, og kunne spart fleire familiar frå uvissa om kva som har skjedd.

Det er berre menn som har mista livet i fritidsbåtulukker så langt i år, og snittalderen er på 58 år. Den eldste som omkom var 78 år, medan den yngste var 17 år. Av dei i alt 14 omkomne var 86 prosent 40 år eller eldre.

Hovudårsaka til dødsfalla dette halvåret er at dei omkomne har hamna i vatnet, anten ved fall over bord, eller ved at båten har kantra. Tre personar omkom ved totalforlis, der fartøya framleis ikkje er funne. Totalt fire av personane var truleg påverka av rus eller promille.

Fiske og dårleg vêr aukar risikoen

Fire personar har mista livet i samband med fiske. Desse ulukkene har skjedd til dømes under trekking av teiner eller garn, der personane har falle over bord og drukna. Mange av ulukkene dette halvåret har skjedd i dårleg vêr. I sju av tilfella var det liten kuling eller meir.

– Dette viser at det er viktig å tenkja tryggleik om ein skal ut på fiske, spesielt om ein er åleine i båten. Me oppmodar til å alltid sjekka vêrmeldinga, og å ha tryggleiksutstyret på plass, seier Alvestad.

Å bruka dødmannsknapp kan bidra til å redda liv. Det finst trådlause variantar som ein kan ha rundt halsen, som vil stoppa motoren om ein fell over bord. Det er viktig å ha ein god leider på båten som ein når frå vatnet. Det kan vera tungt å klatra opp i båten igjen med våte klede, dessutan kan båten kjapt reke langt vekk frå deg om du fell over bord. Det er difor viktig å ha med seg vasstett kommunikasjonsutstyr, melder Sjøfartsdirektoratet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ber det gjerne på kroppen, og ikkje nøl med å ringe etter hjelp om du mistar kontrollen, legg Alvestad til.

Nye kampanjar

Sjøfartsdirektoratet aukar arbeidet med sine tryggleikskampanjar i månadene som kjem. Tilsette langs heile kysten skal ut å snakka med båtfolket om trygg bruk av fritidsbåt gjennom kampanjen «Trygg i båt».

Direktoratet deltek og med kampanjen «Løft blikket», som har fokus på å vera oppmerksam og avpassa farten, og kampanjen «Klar for sjøen», som har fokus på å vera edru når ein fører båt.