Frå testbrakka som blei sett opp ved Stord sjukehus. Foto: Magne Kydland

15 personar stadfesta smitta av koronaviruset i Sunnhordland

Ingen nye påvist smitten siste døgnet.

I dei åtte kommunane i Sunnhordland har 15 personar testa positivt på Covid-19. Til og med tysdag var det teke 144 koronaprøvar i Stord kommune.

Tre har blitt påvist koronasmitte, ifølgje kommunen sine eigne opplysningar.

Les også
Ti pleiepasientar på Fitjar skal sitja i isolat på romma sine i endå ei veke, utan samvær med verken pårørande eller kjente

I Helse Fonna er ni koronapasientar innlagt på sjukehus. Åtte i Haugesund og éin i Odda. To av pasientane, ein vaksen (18-64 år) og ein eldre (65 år +), får intensivbehandling, ifølgje helseføretaket.

Helse Fonna har 108 medarbeidarar i koronarelatert fråvær/karantene, av totalt ca. 4.000 medarbeidarar.

Koronasmitta i Sunnhordland (per 23. mars)

Stord: 3

Bømlo: 2

Fitjar: 2

Tysnes: 0

Austevoll: 1

Sveio: 1

Kvinnherad: 2

Etne: 4