Ein ung mann køyrde av vegen natt til måndag.
Ein ung mann køyrde av vegen natt til måndag. Foto: MARIUS KNUTSEN/ILLUSTRASJON

18-åring køyrde av vegen på E39

Ung mann kom frå utforkøyring utan skader.

Politiet på Stord fekk melding om ein utforkøyring på E39 rett ved krysset til Litlabøvegen natt til måndag klokka 02.30.

Bilføraren kom frå hendinga utan skader, og bilen vart henta av bilbergar.

Politiet har meldt forholdet og teke førarkortet til den 18 år gamle mannen som køyrde bilen, då mønsterdjupna på bakhjul var tilnærma null mm.

– Me har gjort undersøkingar på staden for å finna ut kva som har skjedd, seier vaktsjef Britt Jorunn Løvereide hos Haugesund politistasjon.

Ho kan fortelja om ei elles roleg natt i distriktet. Klokka 01.10 kontrollerte ein politipatrulje ein 16-åring på moped som køyrde fort i eit nabolag på Stord.

– Sjåføren fekk munnleg korreks og vart dimittert, seier vaktsjefen.