KONTROLL: Politiet sjekka fart forbi vidaregåande skule i ettermiddag. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

19-åring mista lappen etter råkøyring forbi skule

Køyrde nesten dobbelt så fort som tillate.

Fire sjåførar fekk forenkla forelegg og éin mista lappen då politiet hadde trafikkontroll ved Bømlo vidaregåande skule i ettermiddag. Sistnemnde er ein 19 år gammal mann.

Høgaste fart i 30-sona blei målt til 59 km/t.