Ein 21-åring vart arrestert av politiet på Tysnes fredag kveld.
Ein 21-åring vart arrestert av politiet på Tysnes fredag kveld. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON

21-åring forsøkte å skalla til politiet

Var hissig og rusa på alkohol.

Like etter klokka 20 fredag kveld, melde Vest politidistrikt på Twitter at ein 21 år gammal mann er arrestert i Uggdal på Tysnes.

Han skal ha vore utagerande og vanskeleg, og vert meldt for forholdet i tillegg til truslar mot offentleg tenestemann.

– Skal i tillegg ha prøvd å skalla til politiet, står det på Twitter.

Ifølgje politiet var mannen rusa på alkohol og verka veldig hissig.

Les også:Éin i arresten og to tekne med narkotika