NYE TESTAR: Tidlegare i veka blei det teke fleire koronatestar på Bømlo. Alle har vist seg å vera negative. Illustrasjonsfoto: Per Lønning

– Alle testar negative

Smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune har positive nyheiter.

Måndag blei det teke enno fleire koronatestar på Bømlo, etter smittetilfellet som blei oppdaga før helga.

– Me ser at av dei ca. 30 som blei testa måndag, var alle negative, seier Follesø til Sunnhordland.

I tillegg informerer ho om at personen som testa positivt på Covid-19, ikkje hadde smitte då vedkommande oppheldt seg på Bømlo.

Les også
Bømlo: Ingen testa positivt

– Når me no reiser meir på tvers av kommunegrenser, aukar risikoen for smittespreiing. Difor må me framleis halda på smittevernreglar om sosial avstand og god hygiene, oppmodar Follesø i ei pressemelding torsdag.

Kommunelegen opplyser at helsemyndigheitene ser det som sannsynleg at Norge vil få lokale utbrot med covid-19.

– For å unngå at me får eit nasjonalt utbrot, må lokale utbrot handterast gjennom testing, isolering, smitteoppsporing og karantene samt lokale, målretta smitteverntiltak. I tillegg er god informasjon ut til befolkninga viktig, står det i pressemeldinga.

Les også
Fredag fell Europa-dommen

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har utarbeida informasjonsmateriell på opptil 24 ulike språk for å informera og gje råd til tilreisande/turistar, utanlandske arbeidstakarar og norske arbeidsgjevarar.

Strategien framover for å kjempa mot smittespreiing utan å stengja ned samfunnet er det myndigheitene kallar «TISK» - testa, isolera, smittesporing, karantene - som legg opp til at alle med akutte luftvegssymptom uavhengig av alvorsgrad skal testast.

– Alle som testar positivt skal isolerast, og alle smittekontaktar sporast opp, testast (gjentatte gonger) og eventuelt setjast i karantene, står det.

Les også
Kværner startar korona-testing i august