Apekoppar påvist hos person i Bergen, melder kommunen

Ein person som er busett i Bergen, har fått påvist apekoppar etter ei reise utanlands.

– Personen som er smitta er varsla og har fått beskjed om korleis vedkommande skal oppføra seg for ikkje å smitta andre. Me går no i gang med smittesporing. Risiko for vidare smitte blir i utgangspunktet rekna som svært låg, seier smittevernoverlege Marit Voltersvik i ei pressemelding.

Bergen kommune opplyser at den smitta fekk symptom etter heimkomst. Vedkommande tok sjølv kontakt med helsetenesta.

Dette er det andre påviste tilfellet av apekoppar i Noreg.