Arbeidar i 40-åra omkom etter brannen på Fitjar
Fitjar Mekaniske Verksted er i sorg.
Tysdag ettermiddag brann det i eit fartøy ved Fitjar Mekaniske Verksted. Ein arbeidar med brannskadar vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse, og tre arbeidarar med røykskadar vart frakta til legevakta.
Onsdag morgon får Sunnhordland melding om at ein person med tilknyting til Fitjar Mek. har omkomme.
– Me bekreftar at ein person har omkomme som følgje av hendinga. Noko meir ønskjer me ikkje å seia på noverande tidspunkt, før me har fått samla oss, seier økonomisjef Hrafn Throsteinsson ved Fitjar Mek.
Stord lensmannskontor bekreftar dødsfallet, og fortel at pårørande har blitt varsla gjennom helsevesenet.
– Det er klart at dette er ei alvorleg sak, eit arbeidsuhell der nokon døyr. Dette pregar saka, og me jobbar no me å finna ut kva som ligg bak, og kvifor dette har hendt, seier etterforskingsleiar Roald Raunholm til Sunnhordland.
Sjur Stava i Sør-Vest politidistrikt seier at den omkomne er ein utanlandsk arbeidar i 40-åra. Han vil ikkje gje meir informasjon om vedkommande før alle pårørande er varsla.
Artikkelen held fram under annonsen.