NØGD: Nav-sjef Astrid Østerlid melder at mange i Sunnhordland har fått seg jobb i løpet av februar. Foto: Pressebilete

Arbeidsløysa har gått ned

I februar gjekk talet på arbeidsledige i Sunnhordland ned med 124 personar samanlikna med februar i fjor. Dermed er arbeidsløysa på til saman 1,7 prosent av arbeidsstyrken.

– Det er svært positivt å sjå at arbeidsløysa framleis går ned. Mange har fått seg jobb i løpet av februar. Fleire av dei er komme i arbeid gjennom eit godt samarbeid mellom arbeidsgjevar og Nav. I Sunnhordland opplever me at arbeidsgjevarane spelar på lag med Nav, noko som gir gode mogelegheiter for arbeidssøkjarane, seier Astrid Østerlid, leiar i Nav region Sunnhordland, i ei pressemelding.

Det er Stord (1,7 prosent) og Kvinnherad (1,5 prosent) som har lågast arbeidsløyse i Sunnhordland denne månaden. Bømlo hadde størst nedgang i arbeidsløysa med 45 færre heilt arbeidsledige personar. I Fitjar er det 11 færre heilt ledige, medan Kvinnherad kan melda om 36 færre heilt ledige denne månaden samanlikna med februar i fjor. Alle kommunar utanom Etne og Tysnes hadde nedgang i arbeidsløysa i februar. I Etne auka talet arbeidslause med 12 personar, medan éin person meir er arbeidsledig i Tysnes.

Alle kommunar utanom Etne hadde elles nedgang i arbeidsløysa i februar. I Etne auka talet arbeidslause med 12 personar.

Les også
Sunnhordland: Nedgang i arbeidsløysa

I pressemeldinga står det òg at det i februar var totalt 50 permitterte personar i Sunnhordland. Dette er ein nedgang på 34 personar samanlikna med februar i fjor.

– Sjølv om det er færre permitterte i høve til i fjor, ser me at det er ein auke i permitteringar sidan november 2019. Hovudmengda kjem frå fiskeindustri og bygg og anlegg. Biologiske faktorar påverkar tilgangen på råstoff innan fiskeindustrien, medan lokale aktørar innan byggjebransjen melder om at permitteringar vert ein konsekvens av ein pressa marknad og færre store prosjekt, seier Østerlid.

Les også
881 melde for trygdesvindel i 2019