Arne Torget var med på førre sesong av Norske Talenter. No rører han folk over heile landet med sitt korona-inspirerte dikt. Foto: Skjermdump TV 2

Arne Torget rører folk med dikt om betre tider

Diktet av stuntpoeten frå Kvinnherad har blitt ultrapopulært på sosiale medium.

– Responsen er heilt overveldande. Men eg kjente når eg skreiv at dette var litt spesielt, seier Arne Torget til Sunnhordland.

I starten av veka publiserte han diktet «Han kjem den dagen» på si eiga Facebook-side, inspirert av den spesielle tida me er inne i. Og i skrivande stund har innlegget over 2.600 likarklikk, meir enn 250 kommentarar og snart nesten 2.000 delingar.

Les også
Kværner droppar utbyte - og donerer millionar til helsevesenet på Stord

Lokalavisa Kvinnheringen har skrive om saka, og NRK Vestland har vore på besøk. Du kan sjå video av Torget lesa opp diktet heilt nedst i saka, som vart publisert på NRK si Facebook-side tysdag, og som no har meir enn ein halv million visningar. Torget fortel som eit kuriosum at til og med presten på Gardermoen har kontakta han, og brukt diktet i ein tale til dei tilsette der. I tillegg ønskte eit riksmedium å kjøpa diktet eksklusivt, men trekte seg då det raskt vart spreidd for alle vindar.

– Eg skreiv diktet fordi eg som du er veldig usikker. Me veit ikkje kva dette er, kor lenge det varer. Det handlar om å sjå at det er ein dag der framme. Difor vart det den tittelen, at han kjem den dagen. For å halda oss oppe, at me skal ha tru på at det kjem normale dagar igjen, seier Torget, som tidlegare har delteke med poesien sin i programmet Norske Talenter på TV 2.

Les også
Torget stoppa i semifinalen

Stuntpoeten frå Husnes, som til dagleg jobbar for Kvinnherad Breiband og sjølv sit med heimekontor for tida, fortel at diktet var meint som ein trøyst for både han sjølv og andre.

– Eg har fått enormt mykje tilbakemeldingar frå folk, som tek kontakt direkte og seier det betyr noko. Så eg har nok treft eit eller anna, seier Torget.

HAN KJEM DEN DAGEN

Han kjem den dagen då alt er forbi

Og vi kan gå ut å sleppa våre kjensler fri.

Han kjem den dagen for jente og gut

Artikkelen held fram under annonsen.

Der vi frie som fuglen kan springa ut.

Han kjem den dagen, kor herlig det blir

Der butikkane har kjøttdeig og dopapir.

Han kjem den dagen utan karantene

Med opne restaurantar og folk på ein scene.

Han kjem den dagen som ikkje er så streng

Der vi får den nærhet vi fortjene og treng.

Han kjem den dagen utan angst og slit

Utan 1 meters avstand og vasking med sprit.

Det kjem ei kjensle av beste slag

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Kongen kan sei, vi stod han av i lag.

Der Kongen kan sei med glede og von

Vi stod han av i lag, vi vann som nasjon.

Han kjem den dagen, om vi saman i lag

Held fram med dugnaden kvar einaste dag.

Han kjem den dagen, berre vent å sjå

Tusen takk til alle, som jobbar og står på!

Takk til alle som står på alt dei klare

I helse, omsorg, politikk, skule og dagligvare.

Takk til alle som er med og knyter band

Artikkelen held fram under annonsen.

Og held liv i urnorsk dugnadsand.

Han kjem den dagen der vi skal reisa oss på ny

Og få livet i gjenge i bygd og by.

Han kjem den dagen, så fint på ei fjøl

-ein dag i det året vi vart kjent med oss sjøl.

Arne Torget