ALVORLEG: Politikontakt Nils Blikra og SLT-koordinator Bjarte Straume Epland åtvarar mot den farlege kvelningsleiken, som no har spreidd seg til sosiale medier. Arkivfoto: Marius Knutsen

Åtvarar mot «kvelingsleik» blant unge på Stord

Politikontakten og SLT-koordinatoren i Stord kommune slår alarm.

Politikontakt Nils Blikra og SLT-koordinator Bjarte Epland har send eit bekymringsskriv til skulane på Stord, der det står at dei er uroa over ein trend blant unge som har teke seg opp i det siste. Ein «leik» der ungdommar kveler kvarandre, og i enkelte tilfelle, deler videoane over det sosiale mediumet TikTok.

I bekymringsmeldinga står det:

«Kvelningsleik blant born og unge har i mange år vore eit kjent fenomen. Dei siste åra har leiken vorten kombinert med å dele videoar på sosiale medium.

Den siste veka har me sett fleire tilfelle der lokale ungdommar leikar med å kvele kvarandre for å få ei ruskjensle, og/eller å svime av. Me kjenner til at videoar av leiken er delt på TikTok.

Denne leiken må avsluttast omgåande og skulen og hjelpeinstansar treng hjelp av de føresette til å snakke med borna dykkar om farane med leiken.

Når hjernen blir utan surstoff, kan det gå veldig kort tid før man blir bevisstlaus. Stoppar man då ikkje strupinga kan man få alvorleg hjerneskade og ytterste konsekvens døy etter berre nokre minuttar.

Me vil på det sterkaste oppmode dykk til å snakke med borna dykkar om dei har sett videoar av leiken, vore med på leiken, og hjelpe borna med å aldri prøve ut desse handlingane.»

Ønskjer ikkje nemna skular

Då Sunnhordland tek kontakt med Bjarte Straume Epland bekreftar han at dei har send ut meldinga til skulane i kommunen.

Men dei ønskjer ikkje å seia kva for skular ungdommane går på, eller kor gamle dei er. Anna enn at det er snakk om ungdommar i Stord kommune.

– Poenget med bekymringsmeldinga vår er at følgjene kan vera så katastrofale, ved denne kvelningsleiken, at me tenkjer det er viktig at me som er vaksne snakkar med borna våre om dette, seier Bjarte Straume Epland.

At kvelningsvideoar vert delte i sosiale media, gjer også saka endå meir alvorlegare. Med tanke på smitteeffekten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så lenge videoar blir delte på nett, så har me ikkje oversikt over kor mange som har sett videoane, eller kor mange som har blitt inspirert, seier SLT-koordinatoren.