Av 14 egg er det berre eitt som har utvikla seg
Alt håp heng på det eine egget.
I fjerde episode av podkastserien «Camilla vil ha baby» er Camilla Abelsen og sambuaren Alexander Hollund i Haugesund for å sjå korleis det har gått med egga som vart henta ut tidlegare same veke.
Av 14 egg i utgangspunktet, var det berre eitt egg som hadde utvikla seg vidare. Skuffelsen er stor når dei innser at alt håp med prøverøyrsforsøket heng på dette eine egget.
Går det ikkje, må dei gjennom heile prosessen på nytt. Og totalt har dei berre tre forsøk.
Høyr heile episoden her (og følg gjerne «Sunnhordland dokumentar» der du lyttar til podkast):