Tidlegare i ettermiddag var Bømlafjordtunnelen stengd i 19 minuttar. No er den open igjen.
Tidlegare i ettermiddag var Bømlafjordtunnelen stengd i 19 minuttar. No er den open igjen. Foto: Marius Knutsen

Aviser låg strødd i tunnelen

– Me hadde ikkje andre val enn å stengja, seier Vegvesenet.

Då klokka var 17.40 fekk Statens Vegvesen melding om ei rekkje aviser som låg strødd nede i Bømlafjordtunnelen.

– Det var snakk om buntar med aviser som låg i heile vegbanen nedst i tunnelen og eit stykke oppover mot Sveio. Truleg er det eit avisbud som har vore uheldig i botnen av tunnellen, seier trafikkoperatør i Statens Vegvesen, Ronny Sleire.

19 minuttar seinare var avisene rydda opp og tunnelen open igjen.

– Då fekk i tillegg ein redningsbil taua med seg ein bilist som hadde fått motorstans heilt øvst på Sveio-sida, sluttar Sleire.

E39#Bømlafjordtunnelen i Stord kommune stengt pga oppryddingsarbeid.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)28. mars 2017

E39#Bømlafjordtunnelen i Stord åpen for trafikk etter oppryddingsarbeid.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)28. mars 2017